Forside:Ørsta kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Målfrid Longva.
Foto: Stortinget

Målfrid Longva f. Myklebust (fødd 20. januar 1925, død 9. september 2012) var kafé- og kantinestyrar i Haram. Frå 1973 til 1981 var ho óg vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet. I 1978 og 1979 møtte ho fast på Stortinget.I 1940-åra fekk ho ein lærarstilling i Haram, utan å ha formell lærarutdanning. Der traff ho Kaspar Longva. Som nygifte flytta deg til Brattvåg. Kaspar Longva sin far kjøpte ein tomt til dei der, då han meinte at eit ungt par ville ha ei betre framtid der enn ute på øyane. Ho fekk seg lærarjobb på Alvestad. Etter eit år byrja ein periode på 18 år som husmor med småunger. Frå 1957 til 2006 budde ho i Bjørklia 8 i Brattvåg.

Frå 1968 til 1979 fekk ho jobb på Haugstad Kafé i Brattvåg. I 1973 vart ho vald til vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet, men ho fortsatte kafédrifta. I januar 1978 vart ein av dei faste representantane frå Møre og Romsdal, Asbjørn Reidar Jordahl, utnemnd til samferdselsminister. Longva møtte difor fast på Stortinget fram til oktober 1979. Ho sat óg i kommunestyret i Haram frå 1965 til 1979. Innafor den perioden sat ho óg i ein rekke lokale utval, som skulestyret og bygningsrådet Frå 1975 til 1979 sat ho på fylkestinget i Møre og Romsdal, og ho var nestleiar i Rikstrygdeverket sitt styre.   Les mer …

Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.   Les mer …

Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)

Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).

Kjende medlemmar av slekta


Berte Kanutte Aarflot. Teikning av Johan Nordhagen etter fotograf av H.C.Olsen. Udatert.

Berte Kanutte Aarflot (født 1795 i Ørsta, død 1859) var salmediktar.

Ho var dotter av lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Ho gifta seg med bonden Amund Knutsson Aarflot (1788–1860), og dei fekk sju born.   Les mer …

Eiliv Austlid som løytnant i 1938, same året som han vart kaptein.
Foto: Ukjent / Hedmarksmuseet
(1938)
Eiliv Austlid (født 6. mai 1899 i Ullensvang, død 15. april 1940 ved Dombås) var gardbrukar og kaptein i Hæren. Han fall under kampane på Dovre under felttoget i 1940. I 2009 fekk han Krigskorset med sverd for si innsats for å redde regjeringa som var på flukt frå tyske styrkar. Eiliv Austlid var son av folkehøgskulestyrar Andreas Austlid frå Østre Gausdal og Gunhild Halvorsdotter Offigsbø frå Lom. I folketeljinga 1900 finn vi han som den yngste av sju sysken saman med foreldrane på Lysheim i Ørsta.   Les mer …

Ivar Aasen.
Ivar Andreas Aasen (5. august 181323. september 1896) var språkforskar og diktar. Han er mest kjend for å vera opphavsmannen til nynorsk, men det var Ivar Aasen som la grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk.
Ivar Aasen vart fødd på Åsen i Ørsta. Frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land, 1930.
Ivar Andreas Aasen vart fødd den 5. august 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune. Han var ein av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ørsta kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar