Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.
Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).
Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948. Les mer …
Wollert Johan Lyder Frich Foto: Norges gejstlighet i 1914
Wollert Johan Lyder Frich (fødd 1. januar 1843 i Bergen, død 10. juni 1929 i Fana) var son av bakarmeister David Frich og Christiane Benedicte f. Jordan. Han vart student i 1863 og tok teologisk embetseksamen 3. juni 1871. Han gifte seg i Bergen 26. mai 1872 med Charlotta Louise Christiane Stoltz (1849-1943). Frich var prest (”Lutheran Minister”) i Halfway Creek i Wisconsin, USA, frå 1872. I 1882 flytte han og familien attende til Noreg. Etter å ha vikariert i ledige sokneprestembete i to år, vart han 23. februar 1884 utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Han kom til Jostedalen med kona og seks born 15. mai 1884. Det vart Frich som innvigde det nye skulehuset på Bjørk 9. januar 1886. Det fungerte òg som kommunehus. Frich sytte òg for å få dyrka opp ei myr ved Prestegarden, finansiert gjennom lån i Opplysningsvesenets fond. Frich og huslyden forlet Jostedalen 24. september 1890 etter at han vart utnemnd til sokneprest i Børsa i Sør-Trøndelag 31. mai same året. Les mer …
Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.
Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.
Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. Les mer …
|