Jon Sørensen og familien. Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket. Les mer …
Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert. Foto: Ukjend fotograf/faksimile frå Nordmenn i Afrika - afrikanere i Norge (2002)
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk. Les mer …
Rognaldsvåg skule Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda. Les mer …
Vevring kommune frå aust mot vest. Redalsgrend foran og Vevringsfjorden med Flokenes bakom. Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953 Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.
I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².
Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal. Les mer …
|