| Om Setesdal
|
Valle frå Åmli. Foto: Siri Johannessen (2008) Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærmast uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.
Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Hytta i Lii 20.3.2006. Foto: Aanund Olsnes
Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.
Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.
- Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
- g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888. Les mer …
Løyning pr 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes
Løyning i Bykle kommune ligg sør for Dalen, på nordsida av vassføret frå Vatnedalsvatnet og ned mot Otra. «Bruket ligg noko løynleg til, med åsar og haugar ikring», skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78), og meiner at namnet grunnar seg på det løynlege lægjet. Me skal ikkje reise innvendingar mot denne tolkinga.
Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 257) fortel at rudningsmannen her var numedøl og heitte Kjetil Skavleim, og dette stemmer. Kjetil kom frå Rollag, øvst i Numedal, og foreldra hans var Eivind Kjetilsson Vindegg og kona, Ingebjørg Pedersdotter. Eivind døydde ung, og Ingebjørg gifte seg då omatt med Knut H. Kjemshus på Nordre Skavleim. Såleis kom Kjetil til Skavleim.
Kjetil åtte Nordre Skavleim frå 1774 til 1789. I det sistnemnde året selde han garden sin til verbroren, Steinar Helleiksson Kvisle. I bygdeboka frå Rollag (K. Hoff: Rollag bygdebok, II, 215) står det at «både Kjetil og kona må ha døydd straks etterpå» men det er berre avdi dei sidan ikkje er synlege i kjeldene i heimbygda, og det kjem altså av at dei hadde reist til Bykle. Les mer …
Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.
Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.
Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.
Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg. Les mer …
Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.
Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20. Les mer …
Viki 1965. Foto: Fjellanger Widerøe
Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut,
då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.
Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.
| Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
|
|
| . Les mer …
Tryggheim bedehus, i Evje sentrum, vart vigsla i 1904, og er det eldste i Evje og Hornnes kommune Bedehus i Evje og Hornnes. For femti år sidan var det på landsbasis om lag 2500 bedehus. Mange bedehus er på grunn av folkeflytting og mindre interesse for bedehusverksemda nedlagde. Det er uvisst kor mange bedehus som no er i aktivitet. Truleg er det bortimot 2000. I Evje og Hornnes vart det i fyrste halvdel av 1900-talet reist fem bedehus. Dei er alle fortsatt i drift. I denne artikkelen vert det kort gjort greie for dei fem bedehusa, samstundes som aktiviteten på bedehusa vert sett inn i ein breiare samanheng. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Setesdal
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|