Forside:Tysnes kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Johannes Tvedt (1847-1943).
Foto: Norske lensmenn, 1950.
Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1943) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person. Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad.   Les mer …

Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune.
Foto: Knut Rage
(2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der.   Les mer …

Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845.   Les mer …

Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.   Les mer …

Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar