Forside:Vest-Telemark

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
Seljord • Kviteseid • Nissedal • Fyresdal • Tokke • Vinje

Om Vest-Telemark
Vest-Telemark er et distrikt i den vestlige delen av Telemark fylke, som består av de 6 kommunene Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Området har ingen byer, de største tettstedene er Seljord, Kviteseid og Dalen.

Distriktet har til sammen 14 242 innbyggere (1. oktober 2007 SSB) og et areal på 7 700 kvadratkilometer.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bjørn Kleppo frå Eidsborg i Tokke.
Foto: Vest-Telemark Museum
Bjørn Kleppo (1894 – 1976) er kjent som «den moderne knivmakars far». Og det med rette, for Bjørn har ei særleg ære for å ha gjeve skap og lag på staskniven, eller bunadkniven, slik me kjenner den i dag. Stasknivar laga han mange av og desse er spreidde over heile landet. Den som eig ein slik omfram gild kniv, har noko særs verdifullt i sitt eige. Ei samling av stasknivar utan ein Kleppokniv er ikkje ei heil samling.

Bjørn, eller Bjønn som han heitte lokalt, var fødd den 22.januar 1894 på garden Kleppo i grenda Eidsborg i det som i dag er Tokke kommune. Der voks han opp, arbeidde og levde all si tid heilt til han vart gamal og ufrisk. Då måtte han ned på Helseheimen på Dalen, der han døydde den 7. april 1976.

Skulle det vera liv laga i dei tider og skulle ein greie seg på ein liten gard i Vest-Telemark, måtte ein vera nøysam og sjølvhjelpen. Folk på slike plassar var nok vanlegvis utan formell utdanning, men mange kunne vera overmåte kunnskapsrike og visste å snu seg.

Bjørn Kleppo var ein bygdekunstnar og eit universalgeni heilt utanom det vanlege. Det er mest ikkje til å tru kva han klarte å få til med små ressursar. I alle fall var han særdeles hendig og hadde eit godt hovud. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvsmed, våpenmakar og urmakar. På sitt beste, var dette arbeid av høgaste kvalitet. Bjørn ætta både frå smedar og sylvsmedar så han hadde det i seg, og då vekse opp i eit godt miljø for handverk, - ja, då låg alt til rette for kva det skulle bli av guten.   Les mer …

Flatdal mekaniske verkstad i Flatdal.
Foto: Siri Iversen
(2023)
Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Gunnar Haugen i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse, og etter dette har Haugen eksportert presser til både England, Island og USA.   Les mer …

Vinje Sparebank.

Vinje Sparebank vart stifta i 1909. Det fyrste vedtaket som vedkjem Vinje Sparebank, vart gjort i eit møte i Vinje heradstyre i 1909. Banken skulle vere til meir "ålment gagn" enn privatbanken. Forstandarskapet i banken møttes fyrste gong i februar 1910. Bjørn Lofthus vart vald som formann, og styremedlemer vart Halvor Sandok, Bjørn Fetveit og Aasmund Jamsgard. Margit Fetveit vart tilsett som kasserar. I byrjinga hadde ho heimekontor, men frå 1919 vart det faste kontordagar på Breihjot. Etter kvart blei det halde kontordagar fleire stader i kommunen. I 1920 vart Eivind Vesaas tilsett som kasserar og han fekk ein svært sentral plass i banken si soge.

  Les mer …

Kviteseid historielag held til i Kviteseid kommune i Telemark. Det blei stifta ved eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedteke lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen.   Les mer …

Glomfoss Bruk og Glomsdammen.
Foto: Ukjend (før 1914)
Glomfoss Bruk i Kilegrend ligg på Kiland nedre, gnr. 25/2, fnr. 11 i Fyresdal kommune. Bruket vart starta opp i 1908. Drifta opphøyrde i 1980-åra, og frå 1994 vart Fyresdal Bygdemuseum eigar.I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg og Ketil Kiland og Ketil Sundsli. Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.   Les mer …

Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).

Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim gjestgiveri) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.

Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og ender ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.

Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.

I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Vest-Telemark
 
Andre artiklar