Forside:Gloppen kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Gloppen kommune
Gloppen kommune er ein kommune i Nordfjord i Vestland fylke. Den omfattar områda rundt Gloppefjorden og Hyenfjorden samt innlandsbygda Breim, som var eigen kommune mellom 1886 og 1964. Tidlegare høyrde også gardane på Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjord til Gloppen, men etter endra kommunikasjonstilhøve har desse gardane blitt overførte til Eid.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Erling Aagedal
Foto: Norske skolefolk, 1952
Erling Aagedal (fødd 17. oktober 1904 på Bjelland i noverande Marnardal kommune, død 19. mai 1993) var lærar.

Han var son av bonde Ole Aagedal og Tomine f. Øygarden. Erling Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1925 og eksamen artium ved Firda gymnas i 1929.

Deretter hadde han fleire lærarvikariat i folkeskulen; frå 1931 var Aagedal vikar for andrelæraren ved Fredheim ungdomsskule i Brønnøy.

  Les mer …

Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer …

Bauta reist til minne over Knut Gjengedal.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Knut Andreas Gjengedal (født 17. oktober 1900, død 14. februar 1973) var ein lærar og forfattar frå Hyen i Gloppen kommune. Han budde i heimbygda si, Gjengedal, storparten av livet sitt. Han gifta seg i 1935 med nabojenta Eli M. Gjengedal.   Les mer …

Gloppen sogelag i Gloppen kommune vart skipa 29. april 1998. Laget gjev ut årsskriftet Ljøren og har «til føremål å fremme interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verdi for historia til kommunen, og som kan fortelje om levevilkåra til folk gjennom tidene». Gloppen sogelag er medlem i Landslaget for lokalhistorie. I 2019 hadde sogelaget 350 medlemmer.   Les mer …

Gjengedal krins 1890-1968
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal krins i Gloppen kommune ligg i grenda Hyen og har hatt organisert skule heilt tilbake til 1743. Krinsen vart lagt ned og ungane sendt til Hyen i 1968. Gardane Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv, og Ommedal høyrde til krinsen.

Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.   Les mer …

Hotel Egge, fotografert før 1915. Foto: Knud Knudsen/Universitetsbiblioteket i Bergen
Hotel Egge er et tidligere hotell som Klaus Johannes Arnesson Egge (18391911) lot bygge på gården Egge i Breim i 1890. De første åra gikk det under navnet Hotel Germania. Bakgrunnen for at hotellet ble bygd, var at det ble åpnet vei gjennom Våtedalen i 1889.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Gloppen kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar