Forside:Nord-Østerdalen

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark (Distrikt: Hedmarken • Solør og Odal • Sør-Østerdalen • Nord-Østerdalen) • Oppland
DISTRIKT: Hedmarken • Solør og Odal • Sør-Østerdalen • Nord-Østerdalen
KOMMUNE: Folldal • Alvdal • Tynset • Os • Tolga • Rendalen

Om Nord-Østerdalen
Distriktet Nord-Østerdalen i Hedmark består av kommunene Folldal, Alvdal, Tynset, Os, Tolga og Rendalen. I noen sammenhenger, som virkeområdet til Nord-Østerdal tingrett, regnes også Stor-Elvdal og Engerdal med til distriktet, mens disse to kommunene ellers regnes som del av Sør-Østerdalen.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Den gamle og den nye kyrkja i Vingelen 1882. Garden i framgrunnen er Ousta (?), der Sara Oust var frå. Vingelen gruve låg tre km nord for denne staden.
Foto: Ukjent. Digitalt museum.

Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.

  Les mer …

Sara vaks opp på garden Ousta (Øststua) til høgre.
Foto: Per Magne Grue
(1965)
Sara Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein av dei tidlege haugianske lekpredikantane i landet. Ho blir omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane. Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre. I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane i bygda. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil alvorleg psykisk sjukdom.   Les mer …

Portrett av Hulda Garborg
Foto: Gustav Borgen/Nasjonalbiblioteket
Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen. Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …

Ivar Sæter.
Foto: ukjent.
Ivar Sæter (født i Tolga 20. november 1864, død samme sted 3. juli 1945) var forfatter, lærer, bonde, politisk aktivist, pressemann og lokalhistoriker. Før og under andre verdenskrig ble han gjerne omtalt som «åndshøvding» og «dikterhøvding», mens Arvid G. Hansen i Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund benevner ham som «skattet foredragsholder» og «litterat» innen den sosialistiske ungdomsbevegelsen rundt forrige århundreskifte. I ettertid er han kanskje mest kjent som nestleder i Bygdefolkets krisehjelp tidlig i 1930-åra og som markant NS-talsmann i Tolga 1940-1945. Ivar Sæter er blitt framholdt som en karakteristisk eksponent for bondefascismen i fjell- og dalbygdene i Norge.   Les mer …

Uppigard Streitlien består av Raabetunet og Folldalstunet og har etter 1976 fungert som bygdetun for Folldal kommune. Det er en del av Anno museum. Uppigard Streitlien ble skylddelt i 1944 og skjøte gitt 1948, fra Anton og Maria Streitlien til Anton Raabe. Det er flott utsikt fra stedet, som opprinnelig var korntrøe. Anton Raabe og kona, skuespilleren Tore Dyveke Segelcke, brukte eiendommen som feriested, og det var de som samlet husene som etter hvert ble museum.   Les mer …
 


 
Kategorier for Nord-Østerdalen
 
Andre artikler