Børo (Fedje gnr 168 bnr 24)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mar. 2024 kl. 08:51 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: Legger til {{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Børo
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 24

Børo var eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune.

1. Kristoffer «Biørrøen» betalte landvareavgift i 1590 og 1610 med skattegrunnlag ½ våg fisk.

2. Jens «Børøe» er oppført på ei skatteliste frå 1603, med 1 dalar i skatt.

3. Den neste me finn på Børo er Arne, som er oppført som øydejordsmann med halv skatt i 1621 og 1622, etter at bruket tydelegvis har lege øyde ei stund. Han ser ut til å vera tilbake her etter nr 4 og 5, på skattelista jula 1626 med full skatt. Men han vart ikkje verande lenge, for i 1628 er det enkja som er oppført på bruket. Ho vart truleg oppattgift med nr 6.

4. Jens har komme i staden for Arne i 1624, framleis som øydejordsmann og med halv skatt.

5. I 1625 er Børo med i den ordinære skattelista igjen, og brukaren heiter no Per. Han har tilnamnet Kipper, dvs. tønnemakar, og budde truleg òg her i 1623 og 1624. Til jul i 1626 er han vekke, sjå nr 3.

6. Amund Jonsen er ny brukar frå 1628, og var truleg gift med enkja etter nr 3. Om det var den same kona han hadde i koppskatten 1645, Marta, er ikkje godt å seia. Amund fekk ei bot på 1 dalar i 1628 for å ha slått Mads Larsen i koll. Jon var oppført på skattelista saman med Amund i 1628. Håkon var tenestedreng her i 1635. I 1640 var Amund igjen å finna i bøteregisteret, denne gongen for utskjelling og slagsmål med Rasmus Tangen (Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-2?), Mons Kopper (gnr 168 bnr 1-8) og Ola Uthaugen (gnr 168 bnr 14-3). Det gav heile 16 rdl i bot. På hausttinget i 1643 vart Lars Husa (gnr 168 bnr 5-4) stemna for at han hadde sikta Amund for å ha hatt ei tønne med stole tau på loftet. Huset vart undersøkt, men der var ingenting. Lars orsaka seg med at skuldinga hadde skjedd i drukkenskap. Steffen er nemnd saman med Amund i 1640 og 1641. I koppskatten 1645 hadde han leigetakarane Sander, Jon og Johannes, den siste med kone. Dei er nemnde som fiskarar. Johannes er nemnd i 1648, då kjøpmannen på Fedje Anders Persen (Ertsholmen 1) stemna han og Magne Børilden i Austrheim (jf Austrheimb. III s 507) for uoppgjort gjeld. Magne sette ein part i garden Syslok i Lindås (sjå Lindåsb. IV s 37) som pant for gjelda, denne gardparten hadde han fått gjennom kona Marta, som må ha vore derfrå. Johannes vart siste gong omtala i 1656 i ei sak mot Ivar Blåstokken (6b). I 1646 er det berre enkja Marta som er oppført på skattelista, Amund er då avliden. Enkja er oppført årleg i skattelistene fram til 1663, så ho må ha klart seg bra aleine. Neste brukar (nr 7) må rett nok ha vore her alt frå 1656 ifølgje futerekneskapen.

Draging av kval i land ved Børeneset, om lag 1940. Fiskarane på Fedje starta med kvalfangst i 1937, etter at det hadde komme folk frå Austlandet som jakta på kval. Det var vågekval som vart teken. Fangstfelta i åra både før og under krigen var ved Fedje og langs vestlandskysten, så det var i nærområdet. Frå 1950 og framover måtte ein lengre av garde, m.a. til Shetland og Barentshavet.

7. Hans Larsen f. 1620 betalte 2 rdl i avgift for førstebygsel på Børo i 1656. I skattelistene er han ikkje nemnd før i 1664. Matrikkelen 1665 syner at ein kan fø tre naut, utsåd er ikkje nemnt. Han er sagt å vera 46 år i manntalet 1666, og hadde då drengen Mons Olsen 15 år. Siste gong Hans er nemnd, er i 1668, men etterpå er det eit hol i kjeldene, så han har truleg vore her lenger. Han hadde truleg sonen a. Kristian Hansen, neste brukar (8).

8. Kristian Hansen f. 1648 på dette bruket (7a) var tenestedreng på Husa ved manntalet 1666, 18 år gammal. Han har teke over her etter faren ein gong før 1686. Dette året er han nemnd i ei sak på vårtinget i Lindås. Saman med oppsitjarane i Tangen, Holmen og Muren klaga han på dei altfor høge skattane dei måtte betala. Dommen var at saka måtte venta til futen og sorenskrivaren hadde vore på staden og vurdert tilhøva. Noko meir veit me ikkje om saka, men me har ofte sett at folk på Fedje slapp med lågare skattar enn dei på fastlandet, så litt omsyn vart det teke. Kristian er oppført på skattelistene frå 1691 til 1694, men så veit me ikkje meir om han. Han hadde truleg dottera a. Agata Kristiansd d. 1740, neste brukar (9).

9. Agata Kristiansd f. på dette bruket (8a) d. 1740 g.1.g. m. Steffen Pålsen f. 1669 (etter alder i 1701). Dei er nemnde første gongen i 1699, då dei fekk ei dotter. Steffen betalte skoskatt for seg og kona i 1711 med 12 skilling. Han er avliden før 1715, for då er det ein ny mann her.

Born: a. dotter med uleseleg namn f. 1699, truleg Synneva g.m. Hans Gauteson f. 1690 Fonnebost i Lindås d. 1738, budde der (jf Lindåsb. III s 425), sjå skiftet nedanfor. b. Alis Steffensd f. 1702 d. 1740, sjå nr 11. c. Kristian Steffensen f. 1705, ukjend lagnad, død utan livsarvingar.

10. Enkja Agata Kristiansd (9) g.2.g. m. Knut Monsen d. 1740. Han kan ha vore den Knut Monsen som var tenar på Kopper (gnr 168 bnr 2-2) i 1711. Han er nemnd på Børo i skattelistene frå 1715 til 1736, og fekk tinglyst fornya bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Børo: Brukar Knut, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. I 1740 vart det skifta etter Agata og Knut. Dei hadde ikkje born saman. Me veit berre namna på dei umyndige arvingane, og det var Agata sine barneborn Steffen Larsen 8 år, Femja Larsd 12 år og Brita Larsd 6 år, sjå nr 11 her. Elles arva Mons Hansen 18 år, Gjertrud Hansd 14 år og Ingeborg Hansd 11 år. Dei var søsken, men er ikkje fødde på Fedje. Dei budde på Fonnebost (sjå 9a ovanfor), og formyndarane var frå m.a. Haukås og Rossnes i Lindås. Mor deira må ha vore Agata si dotter nr 9a.

11. Alis Steffensd f. 1702 på dette bruket (9b) d. 1740 g.m. Lars. Brukarar her frå omkring 1727 saman med mor og stefar til Alis. Skiftet etter Alis i 1740 syner at dei borna som levde var Steffen, Femja og Brita. Faren var ikkje formyndar for dei, noko som var det vanlege i slike tilfelle, så det kan tyda på at han òg var død. Eit teikn på det same er at det samstundes kom ny brukarfamilie her.

Born: a. Femja Larsd f. 1727 d. 1764 g. 1754 m. Thomas Eriksen f. 1731 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-8a), budde der (9). b. Steffen Larsen f. 1731, er oppført på militær rulle i 1749, men seinare lagnad ukjend. c. Brita Larsd f. 1732, ukjend lagnad etter 1740. d. Kari Larsd f. 1734 d. før 1740.

12. Jakob Villumsen f. 1711 Dyrneset i Austrheim d. 1770 (ifølgje militær rulle) g.m. Anna Mathiasd f. 1718 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-6b). Jakob fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1738. Den eldste dottera er fødd på Opphaugen. Jakob var los. Han var bror til Kristen Villumsen Ertsholmen (5), sjå der og Austrheimb. III s 320.

Born: a. Siri Jakobsd f. 1739 d. 1742. b. Marta Jakobsd f. 1743 g. 1780 m. Henrik Persen f. 1759 Kopper (gnr 168 bnr 4-1g), sjå der. c. Mathias Jakobsen f. 1744 d. 1786 g. 1774 m. enkja Siri Larsd f. 1731 Vika (gnr 168 bnr 28-6c) d. 1783, budde på Eide (gnr 168 bnr 15-9). d. namnlaus dotter f. 1745 d. 1760. e. Brita Jakobsd f. 1747 d. 1750. f. Magdeli Jakobsd f. 1750, ukjend lagnad. g. Brita Jakobsd f. 1752 d. 14 dagar gl. h. Anna Jakobsd f. 1753, ukjend lagnad. i. Barbra Jakobsd f. 1756, fekk med matrosen Pål frå Bergen dottera ia. Dortea Pålsd f. 1783 på Eide (hjå Barbras bror), deira lagnad er ukjend.

13. Ingeborg Kristiansd f. Skotholmen (gnr 170 bnr 1-7a) d. 1793 g. 1760 m. Nils Hansen f. 1739 Husa (gnr 168 bnr 7-7d) d. 1793. Brukarar her frå 1771, dei budde først på Skotholmen (8). Dei vart gravfesta same dagen, alderen til Ingeborg var sagt å vera 62 år, men den er truleg sett for høgt, noko som var særs vanleg. Det var felles skifte i 1794 etter dei to. Arvingane var borna Kristian Vågen, Hans (budde i Vågen hjå broren), Jon (budde på Børo) og Kristiana 16 år gl. Dei andre borna var såleis døde. Lausøyren vart seld på auksjon for vel 14 rdl, Jon fekk 2 rdl i tenesteløn, auksjons- og skiftekostnadene kom på 8 rdl, slik at det vart 4 rdl igjen. Halvparten gjekk til borna, og den andre halvparten til St. Jørgens hospital i Bergen, der Ingeborg vart innlagd med spedalsksykja i 1792.

Born: a. Kari Nilsd f. 1761 d. 1792 g. 1790 m. Ola Rasmussen f. 1766 Kopper (gnr 168 bnr 1-12e) d. 1807, budde der (14). b. Kristian Nilsen f. 1763 d. 1838, fekk bygsel på Børo i 1786, men flytta snart til Vågen (Ertsholmen 9), då han vart g.1.g. 1788 m. enkja der, Engel Mikkelsd f. 1731 Brakøyna, Lygra i Lindås d. 1802. c. Elsa Nilsd f. 1765 d. før 1794. d. Hans Nilsen f. 1767 d. 1814, seinare brukar (15). e. Jon Nilsen f. 1771 d. 1800, neste brukar (14). f. Marta Nilsd f. 1776 d. før 1781. g. Kristiana Nilsd f. 1778 d. 1811 g. 1803 m. em. Per Jonsen f. 1751 Brotet (gnr 168 bnr 16-7d) d. 1817, brukarar på Grenda (gnr 168 bnr 17-11). h. Marta Nilsd f. 1781 d. før 1794.

14. Jon Nilsen f. 1771 på dette bruket (13e) d. 1800 g. 1794 m. Anna Jonsd f. 1767 Øksneset, Austrheim d. 1799 (jf Austrheimb. III s 488, dotter av Jon Jakobsen f. 1739 d. 1808 og Barbra Hansd f. 1737). Brukarar her frå 1794 til 1796, då dei flytta til Bergen, der begge døydde tidleg.

Born: a. Ingeborg Jonsd f. 1794, var i folketeljinga 1801 til oppfostring hjå morforeldra i Øksneset, g.1.g. 1825 Bergen m. Svend Hansen Flor f. 1800 Bergen d. 1834, tømmermann, g.2.g. 1840 m. Ole Johan Nilsen Eide f. 1803 Bergen d. 1845, hattemakarsvein, budde der. b. Nils Jonsen f. 1796 d. før 1801.

15. Hans Nilsen f. 1767 på dette bruket (13d) d. 1814 g.1.g. 1794 m. Johanna Knutsd f. 1762 Solend, Austrheim d. 1798 (sjå Austrheimb. I s 582). Bygselbrev frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1793, men Hans var brukar alt frå 1789 etter broren Kristian. Deretter var han og Johanna på Ertsholmen (9) frå 1794 til 1796, mens broren Jon budde her (14). Frå 1797 budde dei her igjen.

Born: a. Kari Hansd f. 1795 d. 1850 g. 1818 m. em. Ola Jensen f. 1780 Kopper (gnr 168 bnr 2-8c) d. 1828, brukarar der (10). b. Anna Maria Hansd f. 1797 d. 1798 12 veker gl.

16. Enkjemannen Hans Nilsen (15) g.2.g. 1799 m. Kari Amundsd f. 1759 Stuberg (gnr 168 bnr 19-10a) d. 1801. Ingen born. I folketeljinga 1801 budde Hans og Kari her saman med dottera hans og far hennar.

17. Enkjemannen Hans Nilsen (15, 16) g.3.g. 1802 m. Marta Larsd f. 1776 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10c) d. om lag 1811, dødsfallet er ikkje ført i kyrkjeboka.

Born: a. Anders Hansen f. 1802 d. 12 dg gl. b. Johannes Hansen f. 1804 d. 24 timar gl. c. Jon Hansen f. 1805 d. 1813. d. Kari Hansd f. 1810 d. 4 dg gl.

Enkjemannen Hans Nilsen gav opp bygsla på Børo i 1812, då han dette året vart g.4.g. m. Kari Larsd f. 1759 Rebnor, Austrheim d. 1829 som var enkje på Nord-Tangen gnr 168 bnr 25, og dei budde der (15). Etter den tid var det ikkje lenger ordinær drift på Børo.

18. Vilhelm Frimann Meyer f. 1784 d. 1851 fekk bygsel på Børo i 1818 frå Kristoffer Kahrs. Han er også oppført her i matrikkelen frå 1838, då nemnd som fargar. Ny skyld for Børo var 1 ort 3 skilling. Meyer var svoger til jordeigaren Kristoffer Kahrs (Kremmarholmen 17). Han har ikkje budd her fast med familien. Han var fargarmester i Bergen, og g. 1809 m. Karen Kristine Beyer f. 1785 d. 1854. Dei hadde m.a. dottera a. Ellen Johanne Meyer f. 1825 Bergen d. 1918, sjå Kremmarholmen 17c. Ifølgje folketeljingane frå 1835 og framover budde det berre folk på husmannsplassen under Børo. Etter 1875 var det Kahrsfamilien på Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 som eigde her.

19. Kristoffer Kahrs f. 1818 d. 1874 g. 1841 m. Andrea Hansd Daae f. 1817 Frøyset, Masfjorden d. 1895, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-1. Dei sette opp eit hus på Børeneset som dei skulle nytta som kårhus. Men så døydde han, og det var Andrea som budde her.

20. Martin Karlsen Berg f. 1874 (gnr 168 bnr 21-10a) d. 1953 g. 1896 m. Kristine Endresd f. 1870 Vika (gnr 168 bnr 28-14e) d. 1946 budde i huset her på Børeneset frå om lag 1901. Dei var først på Opphaugen (husmenn 2). I 1925 bygde dei hus på Berge (gnr 168 bnr 21-11), der familien er ført. Huset her vart rive ikkje lenge etterpå.


Fedje komm.svg Børo (Fedje gnr 168 bnr 24) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Børo • Neste bolk: Husmenn på Børo