Holdhus kyrkje i Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune slik kyrkjebygget framstår i dag. Kyrkja har ei bruks- og bygningshistorie tilbake til 1300-talet. (2014)
Holdhus kyrkje ligg i gardklyngja Holdhus i Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune i Midthordland. Kyrkja er nemnd i eit dokument frå 1306, og sidan omtala som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omlag 1350. Etter det finst det ingen skriftlege nedteikningar før 1600-talet, gjennom rekneskaper og synfaringar i perioden 1618 - 1722, og frå yngre kjelder. Før 1900 vart kyrkja kalla Haalandsdalen kyrkje. Utetter 1800-talet vart kyrkja for lita for den aukande folkemengda, samstundes som manglande vedikehald og trong for ny kyrkjegard gjorde at kyrkja gjekk or bruk på 1880-talet, då det vart bygd ei ny kyrkje på den meir sentrale staden Eide i Hålandsdalen i 1890. Det vart bestemt at Holdhus kyrkje skulle rivast, men i staden vart ho overteken av Fortidsminneforeningen i 1900. Les mer …
Walter Scott Dahl Foto: Ukjent. Oslo Museum
Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot ministeriet Selmer 1883-1884.Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl (1806-1854) og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter hadde tre yngre sysken som levde opp: Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar, Konrad (1843-1931), prest og forfattar og Ulrikke (1846-1923). Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes. Dei to fekk ikkje born sjølve, men hadde ei pleiedotter. Les mer …
Faksimile fra avisa Sogn og Fjordane 15. juni 1948; utsnitt av omtale av Jon Laberg ved hans bortgang.
Jon Laberg (født 29. april 1859 i Bergen, død 11. juni 1948) var lærer, venstrepolitiker og lokalhistoriker. Laberg bodde store deler av sitt liv i Bergen, men hans røtter lå i Ornes i Sogn og han er mest kjent for de bygdebøkene han skrev om flere av bygdene på hjemtraktene.
Les mer …
Mølla i Vinnesvågen Foto: Bente Foldvik
Austevoll kyst- og sogelag ble stifta i mars 1992 i Austevoll i Hordaland. Kystlaget ønsker å gi nytt liv og ny kjennskap til eldre båtar og byggverk i Austevoll. De er aktive og synlige i kommunen gjennom seilkurs, regatta, utflukter, framsyninger og temadager. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har rundt 50 medlemmer. Les mer …
Herdlevær mot nordvest. Foto: Vigleik Mathisen
Herdleværet er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdleværet er ei god hamn. Namnet kjem frå garden Herdlevær, gnr. 46.
Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdleværet. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane. Les mer …
|