Forside:Volda kommune

Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:55 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Gardssag i Høydalen 2009
Foto: Magnar Høydal
Gardssagene i Høydalen. Etter at Høydalen i Volda kommune fekk eige elektrisitetsverk i 1917, var det mange som bygde seg ei gardssag. Det var og er fleire bygningar på ein gard og det trengst stadig vekk eit bord eller ein plankebit. Slik kommunikasjonane var før var det ikkje så enkelt å gå på trelastforretninga som i dag, den økonomiske situasjon var og vanskelegare. Før det var tilgong på elektrisk kraft vart sagene drivne med vasshjul, det var oppgangssager. Nedst i storelva (Høydalselva) står murane etter oppgangssaga som var i bygda.   Les mer …

Synnøve Riste i 1880.
Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda.   Les mer …

SS «Nevada», modell, babord side

Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.   Les mer …

Her er MB «Hendig» ved kaia på Vik. Om hausten brukte Anfinn å kjøpe poteter, - det er poteter som er i sekken.
MB «Hendig» M 47 HØ, bygd i 1968, for Anfinn og Olav Skorpen, far og son. Meir opplysningar om eigarane ligg på MB «Høydølen». Skrogforma er omlag som Høydølen, men båten er mindre, sjå båtlista for Vik. Hendig var bygd på enkle laska spant, og med spikarhud. Mesanmast på bukk over dekk, for fri tilgang til linekastar m.m. Rorhuset er flytt til framdelen av båten, som også hadde halvbakk. Lugaren framme under dekk hadde 3 køyer, og tilgang var gjennom egnarhuset, men også gjennom rorhuset. Rorhuset var bygd av kryssfiner på rameverk av tre, utvendig var det lagt på glasfiberarmert plast. Dekket på halvbakk var av 5/4 toms pløgd material, også det med glasfiberarmertplast. Rundt 1990 fekk rorhuset påsett ein kantskjerm i aluminium, og nye rorhusruter. Når rorhuset er plasert slik, vert heile dekket bak ein samanhangande arbeidsplass. Dette dekket var lagt på vanleg måte, furuplank med nater. Plaseringa av rorhus og det som fyl med det, var slik eigarane sjølve ville at båten skulle vera. Lukekarmen til lasteromet var om lag 30 cm høg.   Les mer …

Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.   Les mer …

Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot.
(2009)
Rabbekule, det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på vestlandskysten. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys. Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon.I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar