Valet til Riksforsamlinga 1814

Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på RiksforsamlingaEidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.

Bakgrunn

Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.

For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.

Valordninga

Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.

I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.

Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.

Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv «aktverdige menn» frå prestegjeldet.

Valet vart ikkje gjennomført etter reglane i alle prestegjeld. I Råbyggelagets amt valde dei to valmenn frå kvart sokn; til dømes sendte Bygland prestegjeld heile åtte valmenn til amtsforsamlinga. Eit anna døme på avvik er Sund prestegjeld, der dei ikkje valde nokre valmenn. I staden gav dei fullmakt til dei tre frå amtet, utan å sjølve vere med på å velje dei.

Gjennomføring

Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars.

Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.

Nord-Noreg

I Nord-Noreg kom brev om valet for seint fram. I Nordlands amt vart det aldri gjennomført nokon amtsforsamling. Det siste valet der vart halde den 1. juli i Ofoten. I Finmarkens amt vart det halde amtsval den 1. august, og dette var reikna som val til Stortinget.

At dei heldt val så seint som i juli skuldast dels at dei ikkje visste kor lenge Riksforsamlingas forhandlingar ville vare. Så lenge det ikkje hadde kome brev om at forsamlinga var oppløyst hadde dei et håp om å få vere med.

Valkrinsar

Her følgjer ei oversikt over dei ulike valkrinsane, det vil seie prestegjeld og sokn på landet, sokn i byane og militæravdelingar. For ei oversikt over dei som vart vald, sjå den sorterbare lista over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling. For valmenn frå kvar einskild krins, sjå artikkel om valet der ein slik finst. Det er ei målsetjing å få på plass artiklar om valet i alle einskilde krinsar.

Byene

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Arendal Arendal kirke 11. mars Arendal kommune
Bergen Stiftamtmannens gård, Bergen 14. mars Bergen kommune
Domkirkens menighet i Bergen Bergen domkirke 11. mars Bergen kommune
Korskirkens menighet i Bergen Korskirken 11. mars Bergen kommune
Nykirkens menighet i Bergen Nykirken 11. mars Bergen kommune
Tyskemenigheten i Bergen Mariakirken 24. mars Bergen kommune

Akershus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Akershus amt Ellingsrud 17. mars Akershus fylke
Oslo kommune
Aker prestegjeld Gamle Aker kirke 25. februar Oslo kommune
Asker prestegjeld Asker kirke 25. februar Asker kommune
Bærum kommune
Aurskog prestegjeld Aurskog kirke 25. februar Aurskog-Høland kommune
Eidsvoll prestegjeld Eidsvoll kirke 25. februar Eidsvoll kommune
Enebakk prestegjeld Enebakk kirke 25. februar Enebakk kommune
Fet prestegjeld Fet kirke 25. februar Fet kommune
Gjerdrum prestegjeld Gjerdrum kirke 25. februar Gjerdrum kommune
Hurdal prestegjeld Hurdal kirke 25. februar Hurdal kommune
Høland prestegjeld Høland kirke 4. mars Aurskog-Høland kommune
Kråkstad prestegjeld Kråkstad kirke 25. februar Ski kommune
Nannestad prestegjeld Nannestad kirke 4. mars Nannestad kommune
Nittedal prestegjeld Nittedal kirke 25. februar Nittedal kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 25. februar Nes kommune
Nesodden prestegjeld Nesodden kirke 25. februar Nesodden kommune
Oslo (Gamle Oslo) Oslo Hospitals kirke 25. februar Oslo kommune
Skedsmo prestegjeld Skedsmo kirke 25. februar Skedsmo kommune
Lørenskog kommune
Sørum prestegjeld Sørum kirke 25. februar Sørum kommune
Ullensaker prestegjeld Ullensaker kirke 25. februar Ullensaker kommune
Vestby prestegjeld Vestby kirke 25. februar Vestby kommune
Ås prestegjeld Ås kirke 25. februar Ås kommune

Nordre Bergenhus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Nordre Bergenhus amt Vange i Vik 30. mars Sogn og Fjordane fylke
Askvoll prestegjeld Askvoll kyrkje 18. mars Askvoll kommune
Aurland prestegjeld Aurland kyrkje 18. mars Aurland kommune
Davik prestegjeld Davik kyrkje 18. mars Bremanger kommune
Eid kommune
Vågsøy kommune
Eid prestegjeld Eid kyrkje 18. mars Eid kommune
Eivindvik prestegjeld Eivindvik kyrkje 11. mars Gulen kommune
Førde prestegjeld Førde kyrkje 18. mars Førde kommune
Gloppen prestegjeld Gloppen kyrkje 18. mars Gloppen kommune
Hafslo prestegjeld Hafslo kyrkje 18. mars Luster kommune
Indre Holmedal prestegjeld Gaular kyrkje 18. mars Gaular kommune
Ytre Holmedal prestegjeld Fjaler kyrkje 18. mars Fjaler kommune
Innvik prestegjeld Innvik kyrkje 18. mars Stryn kommune
Jostedal prestegjeld Jostedal kyrkje 18. mars Luster kommune
Jølster prestegjeld Jølster kyrkje 18. mars Jølster kommune
Kinn prestegjeld Kinn kyrkje 18. mars Flora kommune
Lavik prestegjeld Lavik kyrkje 18. mars Høyanger kommune
Leikanger prestegjeld Leikanger kyrkje 18. mars Leikanger kommune
Luster prestegjeld Luster kyrkje 18. mars Luster kommune
Lærdal prestegjeld Lærdal kyrkje 18. mars Lærdal kommune
Selje prestegjeld Selje kyrkje 18. mars Selje kommune
Sogndal prestegjeld Stedje kyrkje 18. mars Sogndal kommune
Vik prestegjeld Vik kyrkje 18. mars Vik kommune

Søndre Bergenhus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Søndre Bergenhus amt Bergen rådstue 28. mars Hordaland fylke
Askøy prestegjeld Askøy kyrkje 11. mars Askøy kommune
Etne prestegjeld Gjerde kyrkje 18. mars Etne kommune
Fana prestegjeld Fana kyrkje 11. mars Bergen kommune
Finnås prestegjeld Finnås kyrkje 18. mars Bømlo kommune
Fjelberg prestegjeld Fjelberg kyrkje 18. mars Kvinnherad kommune
Vindafjord kommune
Granvin prestegjeld Granvin kyrkje 18. mars Granvin kommune
Hammer prestegjeld Hammer kyrkje 11. mars Osterøy kommune
Haus prestegjeld Haus kyrkje 13. mars Osterøy kommune
Hosanger prestegjeld Hosanger kyrkje 11. mars Lindås kommune
Osterøy kommune
Kinsarvik prestegjeld Ullensvang kyrkje 15. mars Ullensvang kommune
Kvinnherad prestegjeld Kvinnherad kyrkje 18. mars Kvinnherad kommune
Lindås prestegjeld Lindås kyrkje 18. mars Lindås kommune
Manger prestegjeld Manger kyrkje 18. mars Radøy kommune
Øygarden kommune
Meland kommune
Askøy kommune
Os prestegjeld Os kyrkje 18. mars Os kommune
Skånevik prestegjeld Skånevik kyrkje 18. mars Etne kommune
Kvinnherad kommune
Stord prestegjeld Stord kyrkje 18. mars Stord kommune
Strandebarm prestegjeld Strandebarm kyrkje 18. mars Kvam kommune
Jondal kommune
Sund prestegjeld Sund kyrkje 18. mars Sund kommune
Tysnes prestegjeld Tysnes kyrkje 18. mars Tysnes kommune
Vikør prestegjeld Vikør kyrkje 18. mars Kvam kommune
Voss prestegjeld Voss kyrkje 11. mars Voss kommune
Årstad prestegjeld Årstad kyrkje 11. mars Bergen kommune

Bratsberg amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Bratberg amt Fossum jernverk 23. mars Telemark fylke
Bamble prestegjeld Bamble kyrkje 4. mars Bamble kommune
Bø prestegjeld Bø kyrkje 15. mars Bø kommune
Drangedal prestegjeld Drangedal kyrkje 4. mars Drangedal kommune
Eidanger prestegjeld Eidanger kyrkje 4. mars Porsgrunn kommune
Gjerpen prestegjeld Gjerpen kyrkje 11. mars Skien kommune
Porsgrunn kommune
Heddal prestegjeld Heddal kyrkje 4. mars Notodden kommune
Hjartdal prestegjeld Hjartdal kyrkje 18. mars Hjartdal kommune
Hollen prestegjeld Hollen kyrkje 4. mars Nome kommune
Skien kommune
Kviteseid prestegjeld Kviteseid kyrkje 18. mars Kviteseid kommune
Lårdal prestegjeld Lårdal kyrkje 20. mars Tokke kommune
Mo prestegjeld Mo kyrkje 18. mars Tokke kommune
Moland prestegjeld Moland kyrkje Fyresdal kommune
Nissedal prestegjeld Nissedal kyrkje 18. mars Nissedal kommune
Sannidal prestegjeld Sannidal kyrkje 20. mars Kragerø kommune
Sauherad prestegjeld Sauherad kyrkje 4. mars Sauherad kommune
Seljord prestegjeld Seljord kyrkje 18. mars Seljord kommune
Solum prestegjeld Solum kyrkje 4. mars Skien kommune
Tinn prestegjeld Tinn kyrkje 18. mars Tinn kommune
Vinje prestegjeld Vinje kyrkje 18. mars Vinje kommune

Buskeruds amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Buskeruds amt Hokksund 30. mars Buskerud fylke
Eiker prestegjeld Haug kirke 4. mars Nedre Eiker kommune
Øvre Eiker kommune
Flesberg prestegjeld Flesberg kirke 4. mars Flesberg kommune
Hole prestegjeld Hole kirke 25. februar Hole kommune
Hurum prestegjeld Hurum kirke 4. mars Hurum kommune
Lier prestegjeld Frogner kirke 25. februar Lier kommune
Modum prestegjeld Modum kirke 25. februar Modum kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 4. mars Nes kommune
Norderhov prestegjeld Norderhov kirke 25. februar Ringerike kommune
Rollag prestegjeld Rollag kirke 4. mars Rollag kommune
Nore og Uvdal kommune
Røyken prestegjeld Røyken kirke 25. februar Røyken kommune
Sandsvær kommune Eftelød kirke 4. mars Kongsberg kommune
Sigdal prestegjeld Sigdal kirke 25. februar Sigdal kommune
Ål prestegjeld Ål kirke 4. mars Ål kommune

Strømm sokn i Hurum prestegjeld haldt eige val til Riksforsamlinga, av di soknet låg i Jarlsberg grevskap.

Landstyrkene

Valkrins Lokale Dato
Akershus ridende jegerkorps Oberstløytnant Nilsons kvarter, Christiania 12. mars
Akershus skarpskytterregiment Kongsvinger festning 17. mars
Artilleribrigaden Stabskvarteret, Christiania 22. mars
Bergenhusiske infanteriregiment Helje i Spydeberg 31. mars

Kjelder