Forside:Kvinnherad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kvinnherad kommune (forside)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Kvinnherad kommune
1224 Kvinnherad komm.png
Kvinnherad kommune ligg i Sunnhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Ullensvang i nord og aust, Etne i aust og på andre sida av Hardangerfjorden Vindafjord, Stord og Tysnes.

Kvinnherad er ein industrikommune, med vekt på jern- og metallindustri og verkstadindustri. Ein finn òg fiskeoppdrett og tilknytta fiskeforedlingsindustri. I jordbruket er det husdyrhald som dominerar.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Faksimile frå Haugesunds Avis 10. november 1961; utsnitt av omtale av Kristofer Sydnes etter bortgangen.
Kristofer Sydnes (fødd 6. august 1881 i Kvinnherad, død 9. november 1961) var fødd på Sydnes i Fjelberg, Kvinnherad kommune. Etter folkeskulen gjekk han ein vinter på amtsskulen i Fitjar, og 1901 tok han eksamen ved Stord lærarskule. I 1902 vart han lærar i Suldal kommune, 1908 i Etne kommune og i 1912 i Vikebygd i Vindafjord kommune, der han var lærar til han slutta læraryrket i 1946. Han var formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag i Vikebygd i mange år, og med i heradstyret og formann i skulestyret i over tjue år. Han også var med i styret for Hordaland Venstre, formann i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og med i styret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i åtte år med i styret for Norske Museers Landsforbund.   Les mer …

Jens Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann. Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Johannes Tvedt (1847-1943).
Foto: Norske lensmenn, 1950.
Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1933) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person. Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad.   Les mer …

Anders Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Anders Aarsand (fødd 23. februar 1899 i Ænes sokn i Kvinnherad, død 26. oktober 1986) var lærar i Kvinnherad. Han var òg leiar av Ænes sundagsskule og formann i Ænes fråhalds- og helselag. Han var son av Anders Gotskalksen Aarsand og Dorothea f. Havnerås, Årsand i Kvinnherad. Faren var bonde og laksefiskar. Anders Aarsand tok eksamen ved Stord lærarskule i 1925, etter å ha gått Framnes ungdomsskule og Bakken språk- og handelsskule i Kristiansund (eksamen 1918). Også dei eldre brørne Jens og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.

Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.

Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer.   Les mer …

«Fakstind» frå Ibestad ved hamn i Kristiansund under storsildfisket i 1921. Andre person frå venstre er Thomas Fugelsnes; lengst til høgre (over personen i luka) ser vi Hans T. Gimnes.
«Fakstind» var ein motorkutter som vart bygd i Rosendal i 1917 og levert til partsrederiet Alfred Espejord i Hamnvik i Ibestad. I løpet av åra vart «Fakstind» vidareselt tre gonger. I 1941 vart han forlenga til 84,3 engelske fot. Den 8. desember 1962 sprang «Fakstind» lekk etter eit kraftig uvêr, og han sokk på Tromsøflaket. Motorkutteren «Fakstind» vart kravellbygd i tre av Gjert Eidsvik i Rosendal i Sunnhordland i 1917. «Fakstind» hadde ein tosylinders Avance PM motor på 60 bHK frå J.V. Svenssons Motorfabrik i Stockholm, og han var bygd og takla som kutter. Kjenningsmåla i engelske fot var 65,5 (lengd), 18,5 (breidd) og 7,5 (djupn). Drektigheita var 46 brutto registertonn] og 16 netto. Kjenningsbokstavane var L.F.X.Q. og registreringsnummeret var T-46-D (endra til T-88-TD i 1928).   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Kvinnherad kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar