Seminarlærer og ordfører Jens Jenssen.
Jens Jenssen (født 27. mars 1833 i Os, død 1885) var seminarlærer og ordfører i Hamar 1883-85. I enkelte kilder er etternavnet skrevet Jensen.
Jenssen var bondesønn fra Høsøien i Os i Nord-Østerdalen. Han tok lærerskoleeksamen i Klæbu i 1854 og begynte deretter som folkeskolelærer. Midt på 1860-tallet var han bestyrer for lærerseminaret på Tynset før det ble nedlagt. I 1868 ble Jenssen ansatt som tredjelærer ved det nyoppretta Hamar seminar, den seinere Hamar lærerskole. Han satt i stillinga til sin død i 1885. Les mer …
Engebrigt Michelsen Broen (f. 1863 i Tufsingdalen, d. 1938 på Moss), mest kjent som E.M. Broen, var ein prest, professor og forfattar frå Tufsingdalen i Nord-Østerdalen. Han utvandra til USA. I 1893–1897 var han prest i Forenede kirke i Radcliffe i Hamilton County i Iowa. Fra 1901 til 1903 var han prest for Brodersamfundet i Little Sauk i Todd County i Minnesota. Han var president ved Lutheran Bible School frå han vart oppretta i North Dakota i 1903 og fram til 1926 med unntak av ein periode i åra 1911–1914, og igjen frå 1930 gjennom flyttinga av skulen til Fergus Falls, Minnesota i 1935 og vidare fram til sin død i februar 1938.
Engebrigt Michelsen Broen vart fødd onsdagen den 7. oktober 1863 på Brua i Tufsingdalen i Nord-Østerdalen av foreldra Mikkel Ingebritsen Broen (1838–1907) og Ingeborg Olsdt. (1835–1909).
Engebrigt Broen gifta seg første gong torsdagen den 29. juni 1893 med Juliana Hanson (f. 24. november 1872, d. 11. juli 1933). Dei hadde dottera Marguerite Broen (f. 17. februar 1905 i Wahpeton, North Dakota, d. ?). Engebrigt gifta seg andre gongen i august 1934 med Elizabeth Roton (f. 17. april 1892, d. 24. november 1972). Engebrigt Michelsen Broen døydde på Moss fredagen den 25. februar 1938. Han ligg gravlagt ved Tufsingdalen kyrkje i Os i Østerdalen. Les mer …
Den gamle og den nye kyrkja i Vingelen 1882. Garden i framgrunnen er Ousta (?), der Sara Oust var frå. Vingelen gruve låg tre km nord for denne staden. Foto: Ukjent. Digitalt museum.
Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.
Les mer …
Den gamle prestegarden i Rendalen, der Samuel Mandall bodde. Foto: Fra Øvre Rendalen: gårdenes og slektenes historie. Samuel Mandall (født 2. juni 1748, død 4. juni 1843), i Rendalen også kjent som «Gammel-Samuel», var sokneprest i Rendalen i åra 1787-1827. Han var en svært populær prest i bygda, fordi han var omgjengelig, dyktig og opptatt av bygdas interesser: Han sørget for restaurering og nybygg på prestegarden, og var opptatt av fattig- og skolevesen, men var også opptatt av å styrke «sedeligheta» i bygda. Han er skildret skjønnlitterært av Jacob Breda Bull i de to romanene Hr. Samuel og Hr. Samuels rike, der han er hovedperson. Herr Samuel var født på Søgarn Låke i Nannestad, og var sønn av sekondløytnant Jens Samuelsen Mandall (1729-1806) og Anna Munch Grüner. Både moren og faren hans var prestebarn: Morfaren var sokneprest i Romedal Peter Christian Jenssen Grüner, mens farfaren var sokneprest i Nannestad Samuel Mandall. Onkelen hans Fredrik Grüner Mandall (1727-1802) ble dessuten sokneprest i Sørum. Familien flyttet til garden Brattvoll i Romedal i 1752. I 1764 flyttet de så videre til Granberg i samme bygd. Les mer …
Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal ( goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n ( Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t ( Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar. Les mer …
|