Skulehuset i Utvær, våren 2023. Et lite, hvitt hus med grønne vinduskarmer, som er bygd på svaberg helt nede ved sjøen. Huset har en støpt sokkeletasje med en dør og tre vinduer under førsteetasjen som er bygd med trepanel. Til høyre for huset står det en tank med flassende grønn maling. En gruppe på omkring 20 personer står foran huset. De er alle godt kledd og det kan se ut som det blåser. Foto: Arnt Ola Fidjestøl (2023)
Utvær krins var ein skulekrins i Solund kommune i Sogn. Utvær skule var det vestlegaste skulehuset i landet. Før skulehuset vart bygd, måtte ungane bu vekke for å gå på skule. I 1938/39 stilte grunneigaren tomt til råde, kommunen bygde grunnen og utværsfolket kosta skulehuset. Etter dette slapp borna på Utvær å bu vekke. Høgste elevtal var om lag 15, og det var i krigstida. Fråflytting undergrov grunnlaget for skulen på 60-talet. Frå 1961/62 gjekk borna på skule på Indrevær mesteparten av året, men dei heldt fram med vinterskule nokre år til. Les mer …
Hafslo Bedehus, Luster kommune. Dette bygget vart teke i bruk vinteren 1965 og vigsla 28. mai 1967.
Hafslo bedehus står i Luster kommune i Sogn og Fjordane. I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965. Les mer …
Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.
Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine." Les mer …
|