Dette bilde viser fremste spanta, me ser at dei to fremste er tydeleg kantra.
MB «Notøybuen» M-114- HØ, vart bygd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1982 for Sæmund Helde, Nerlandsøy. Står i fiskeriregisteret med bygge år 1982. Båtens lengde 10,55 m, br 3,43 m. og djupne 1,68 m. Båten er bygd på laminerte spant og er tverrhekka, med heil bakk. På denne båten er også stemnet laminert. Hud av 1 ½” Bjørkedalsfure.
Båten var levert utan dekk og overbygg men med lagd bjelkevegarar. For å halde skroget stabilt for sleping til heimehamna vart det lagt nokre midlertidige bjelkar. Ved overtaking var båten lavare enn det kjøpar meinte ha avtala, det vart likevel kjøp og eigar la inn spantestubbar og forhøya båten med ein planke. På grunn av at båten hadde heil bakk kunne han forlenge hudplanken derfrå vidare bakover. Han la inn garnering av pløgd material. Eigar bygde sjølv dekk og dekkshus i aluminium, og han utførte også all innreiing sjølv. Båten har slingrekjøl og ein stålkjøl på ca 600 kg. Helde tok over båten i 1982 men ferdig i 1991, det kan ein forstå når den store eigeninnsatsen skulle gjerast i ledige bolkar. Les mer …
MB «Litleveiren» M 20 VA. Bygd på Bjørkedalen til Årset notlag som eigde og brukte båten så lenge den varte.
Båten hadde krum stamn og stemne/stemnestykke (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i 2 fots lengde til bakkant av framstamnen på ein 30-foting).
MB Litleveiren set Landnota
MB Litleveiren M 20 VA slepar
Denne konstruksjonen, at stamnen starta langt bak under båten, var vanleg på gavlbåtar bygde til bruk med landnot. At kjølen vart kort gjorde båten rask å svinge/styre (når du jakta på fisk fylgde du ofte fjøra med lite klaring). Når du skulle drage fram nota var det viktig å kome godt fram i fjøra med båten slik at det vart lite klaring under nota for å berge fisk. Brukarane sa det ofte på denne måten: "Båten var god i fjøra". Ved bygging hadde den runde kjølforma den fordelen at det var lett å "få båten utyve", å gi den ein "rund bunkje" (rund i botnen med god berevne). Ulempa var at båten flaut så høgt i sjøen at den ikkje fekk "vatn på tvora (propellen)" når nota var i sjøen (lite last bak). Båtane var derfor ofte uberegnelege ved manøvrering utan last, propellen drog luft ved oppbakking og gikk i fjøra eller kaia med for stor fart. Var det fleire ombord samtidig såg ein ofte at ledige folk gjekk så langt bak på båten dei kunne når tida for oppbakking nerma seg for "å få vatn på tvora". Les mer …
Agria 1300 R m ILO 5 HK 2T-motor 1954-mod Motorslåmaskina sitt inntog i norsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og heste slåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet. Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for køyrekarane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskare fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar meir enn ved normal slått. Fingrane og skuldrane visnar bort grunna risting i styrehandtaka. Det var ikkje uvanleg at slåttekarane måtte matast ved bordet etter ein lang dag på slåttetegen. Dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger. Les mer …
Avisa Sunnmøringen, etablert i 1946, er lokalavis for Stranda kommune på Sunnmøre. Avisa har nettutgave, og papirversjonen kjem ut ein dag i veka (før 2016: onsdag og laurdag). I 2011 tok Bjørn Arild Hatlem over som redaktør etter Elin Sofie Lorvik, som hadde hatt jobben sidan 2011. Avisa dekkjer bygdelaga Stranda, Hellesylt/Sunnylven, Liabygda og Geiranger. Sunnmøringen er en del av mediekonsernet Polaris Media. Sidan Stranda kommune består av fire geografisk spreidde bygdelag og kommunesenteret Stranda på 1900-talet var prega av industrivekst og sterk innflytting, har avisa Sunnmøringen vore ein av dei viktigaste og mest samlande kulturinstitusjonen i bygda i etterkrigstida. Les mer …
|