Bredo Morstøl på 1930-tallet. Foto: Norske hagebruksfunksjonærer og hagebrukskandidater, 1936. Bredo Morstøl (født 28. februar 1900 i Hen i Rauma kommune, død 1989 i Bærum kommune) var en kjent hagearkitekt og parksjef i Bærum. Han hadde bakgrunn fra Staup gartnerskole i Levanger i 1919 og var assistent hos fylkesgartner A. Moen i Askim 1920-1922. Videre tok han forberedelseskurset til landbrukshøgskolen ved Volda gymnas i 1923 og eksamen ved Landbrukshøgskolen i Ås, hagebruksavdelingens linje for hagekunst i 1926. Etter endt utdannelse ble han ansatt i hagearkitekt- og anleggsgartnerfirmaet til Ellef Grobstok i Oslo hvor han også etter hvert ble medeier Les mer …
Dei to store steinane vart køyrd opp ovafor Gamalgarden i Brøstdalen i nyare tid. Her ser vi Ola K. Brøste sit på steinane, Jenhanssteinen nedst. Foto: Odd Sigmund Brøste ca. 1965.
Minner frå oppvekst og forteljingar frå Brøstdalen. Ola Brøste (over 80 år) fortalde meg på Verma i 1962:
Jerven reker langt, - og går store strekninger rett fram uten å stanse. Engang fant han og Paul Stakseng spor etter to jerver ved Kabben. Dyra hadde kommet forbi setrene der, - og på sporsnø fulgte de to etter. Spora gikk rett opover lia og over til Asbjørnsdalen, og dyra hadde ikke stanset en enste gang. Da det led ut på ettermiddagen, kunde de to ikke følge etter lenger, - og måtte snu, - men de så at spora fremdeles fortsatte innover dalen. Les mer …
Marianne og Ola K. Brøste. Foto: Ukjent
Ola K. Brøste (født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970 på Verma) var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-Tande på Lesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste. Da Ola overtok Ner-Brøste, var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg. Som nemnt under garden, var skogen viktig. Da Ola bygde om saga til sirkelsag i 1917 var kraftverket ved Stavem under bygging, og da måtte det rivast eit sagbruk som han kunne kjøpe delar frå. Deretter kjøpte Ola mykje tømmer også på Lesja-sida av fylkesgrensa. Særleg i 1933-34 hogde og skar dei mykje tømmer, mellom anna til den nye stugubygninga som Erika og Knut bygde på garden. For oppgjør for fallrettane i Ulvåa bygde han om saga i 1934.
Ola var aktiv på saga så lenge den var i bruk. Siste gongen det er nemnt var i 1959. Da var han 84 år. Les mer …
Foto: Arnfinn Kjelland (2013)
Johan Alnes (fødd 26. november 1866 på husmannsplassen Alnestrøa i Romsdalen, død 14. november 1933 på Verma), var handelskar, anleggsarbeidar, reins- og bjørnejeger.
I barneåra måtte han som så mange andre ta teneste som gjetargut. I 1880-åra begynte han så med sal av suvenirar ved riksvegen gjennom dalen, der det hadde begynt å vekse fram ein viss turisttrafikk. Etter at sesongen var over dreiv Johan som skreppe- eller kramhandlar over Lesja og nedover Gudbrandsdalen. Han kjøpte òg opp huder og skinn for vidaresal, og begynte etter kvart med jakt sjølv. Les mer …
Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle «kunstige» Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga og bruken av vasskraft ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet. Senteret opna i 2002, men har vore under kontinuerleg utviding.
Les mer …
Minnesteinen Foto: Arnfinn Kjelland Gravsteinen over Georg Sinclair Foto: Arnfinn Kjelland Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann. Les mer …
|