Forside:Luster kommune

Sideversjon per 15. nov. 2010 kl. 08:37 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar |Distrikt = Sogn }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over. Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.   Les mer …

Signatur i futerekneskapen 1615-16.
Anders Lauritssen (Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar.   Les mer …

Hafslo og Hafslovatnet, sett mot aust med tettstaden til venstre og Lustrafjorden i bakgrunnen.
Foto: Peter John Acklam
(2005)

Hafslo er ei bygd, ein tidlegare kommune og ein tettstad i Luster kommune. Bygda Hafslo ligg på søraustsida av Hafslovatnet og har tradisjonelt vore ei rik jordbruksbygd. Elva frå Hafslovatnet renn ut i Årøyfjorden i Sogndal, og hovuddalføret strekkjer seg innover mot brebygda Veitastrond.

Hafslo sentrum utgjer ein tettstad etter SSB sin definisjon og hadde i 2009 305 innbyggjarar. Dette var administrasjonssentrum i den nedlagde Hafslo kommune, og her ligg butikkar, Hafslo barne- og ungdomssskule, Hafslo samfunnshus, Luster vidaregåande skule og barnehage. Hafslo kyrkje ligg noko vest for sentrum. Hafslobygda har i seinare år hatt den sterkaste folkeauken i Luster kommune på grunn av nærleiken til Sogndal, og det er kome til ei rekkje byggjefelt.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …

Fåberg (Jostedalen)
Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953
Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla. Grenda sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.   Les mer …

Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum.
Krundalen (Krondalen) er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Vestland fylke. Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen. Andre og mindre brear i Bergsetdalen er Vetledalsbreen, Baklibreen og Tuftebreen. Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Grøneskreda med Vetledalsbreen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Luster kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar