Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
Nora Kiperberg fotografert på Fjordsyn i Volda i april 2015. Foto: Svein Aam Nora Olivia Kiperberg (født 11. februar 1912 på Fremmerlid i Skodje, død 15. desember 2015 i Volda) var friviljug sjukepleiar under felttoget i Romsdalen i 1940 og seinare sjukepleiar ved Volda sjukehus. Foreldra hennar var Hilda og Aret Tomren, og dei flytte etter kvart til Sjøholt i Ørskog kommune der Nora voks opp. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 19. oktober 1956: Utsnitt av omtale av 90-årsdagen til Eduard Carlén .
Eduard Carlén (født 20. oktober 1866 i Sverige, død 1. juli 1959) var arkitekt, innflyttet fra Sverige. Han etablerte seg med eget firma i Kristiania på 1890-tallet, men virket også to perioder i Ålesund: en femårsperiode etter bybrannen i Ålesund 1904 og i perioden 1916–22, da han blant annet tegnet Gursken kirke. Eduard Carlén er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo. Les mer …
MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.
MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A.
Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var. Les mer …
|