Utsnitt fra kirkeboka for Hafslo i 1860. Johannes Gjetmundsen ble født og hjemmedøpt den 4. mars.
Johannes Gjetmundsen (født 4. mars 1860 på Kroken i Hafslo, død 26. mars 1924 i Talvik) var gardbruker, fisker, lensmannsassistent og herredskasserer i Talvik i Finnmark. Gjetmundsen var en engasjert Venstre-politiker og representerte Vest-Finmarkens kreds på Stortinget i perioden 1913-15. Han var sønn av Gjetmund Guttormsen og Synnøve Pedersdatter. Da Johannes ble født, var de husmannsfolk på Kroken i sognebygda Hafslo. Noen få år seinere flytta de til Talvik, der de ble gardbrukere på eiendommen Vollnes. Gjetmund Guttormsens foreldre, Guttorm Gjetmundsen og Kari Olsdatter fra Jostedalen, flytta sammen med dem til Finnmark, og i 1865 bodde hele storfamilien på Vollnes. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk. Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.
Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der. Les mer …
Det gamle skulehuset i Sperla står rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen.
Sperle skule er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid. Krinsen grensa i sør mot Myklemyr krins og i nord mot Kreken krins. Les mer …
Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum. Krundalen ( Krondalen) er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Vestland fylke. Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen. Andre og mindre brear i Bergsetdalen er Vetledalsbreen, Baklibreen og Tuftebreen.
Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Grøneskreda med Vetledalsbreen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden. Les mer …
Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.
Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine." Les mer …
|