Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie.
Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon. Les mer …
Norgesbrev fra Ola L. Lien til Daniel C. Jordahl 1936-11-29
Kjære søskjenbarn!
Aar og dag er no lagt att-om, sidan eg sist skrev brev aat deg.- Eg kan ikkje hugse, naar det sist var. Men eg er redd for at det strekkjer seg heilt til jubileumsaaret 1930, da du - som no i sommar - sendte oss innbyding til aa oververa ein konsert i Kristiansund paa din kostnad.- Noko felles skriv til takk vart det ikkje med oss i sommar. Eg bad Sigurd Jordal, som no er den mest "modne" av oss, aa ta seg av denne sak. Men det ha nok ikkje vorte med ham heller.- No har kanskje alle dei andre sendt deg kvar sin takk.- Ein gong paa ettersommaren tok eg til skulde faa istann eit brev eg og. Men einkvart kom ivegen, saa det ikkje vart fraa-seg-gjort. Og saa vart det gløymt att. Eg skjemmest for dette, og bed deg rett inderleg om orsaking for mi etterlatenhet. Takk skal du ha, fordi du paa denne maate gav meg høve til vera paa denne konserten - paa ein saa sjenerøs maate minte meg om min plikt til at vera der-. Du viste kva dette musikkorpset kunde prestere. Eg hadde ikkje raad til aa miste det. Det vart ei opleving - ei stor opleveng for meg. Paa saa mange maatar: Sang og mussikk er av dei ting som griper meg mest.- Ja, ein ypperleg framførts tale - præken - kan og gjera det-. Kan hende det er riktig av meg - aa karakterisere meg sjølv som eit stemningsmeneskje. Les mer …
Gustav Indrebø Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939. Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde). Les mer …
Arnvid Førde. Foto: Faksimile fra Oppland landbruksselskap 150 år (1980) Arnvid Førde (født 16. juli 1919 i Breim, død 1. juni 2013 på Gjøvik) var en sentral person i norsk landbruk i etterkrigstida, først som landbruksskolestyrer og dernest som fylkeslandbrukssjef. Førde var ordfører i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag 1957/58, etter å ha vært varaordfører 1955-57. I 1972/73 var han statssekretær i Landbruksdepartementet. Fra 1976 til 1988 var Arnvid Førde formann i Samarbeidsorganet for Riksoppgjøret, der han sammen med landbruksorganisasjonene leda omorganiseringa av norsk meieribruk. Les mer …
Henrik Olaus Aardalsbakke Foto: Norske skolefolk (1952) Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.
Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.
Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal. Les mer …
|