Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010. Les mer ...
Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande. Les mer …
Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Sávvlo (Solvågfjellet) i Øvre Saltdal i Saltdal kommune, rett nordom inngangen til Junkerdalen. Når ein kjem ned Junkerdalen, er den doble spissen tydelig og karakteristisk.
Sávlojávvre (Solvågvatnet), rett austom Sávvlo i Saltdal kommune
Salten Pitesamiske Forening, også kjent under namneformene Sálto bihtesáme siebrre (lulesamisk), Salto Bihtesamiid Særvi og Salto Bihtesamiid Searvi, er ei interesseforeining for pitesamisk språk og kultur. Foreininga blei stifta i 1999 og har medlemmer hovudsaklig i Beiarn, Bodø og Gildeskål. Foreininga oppretta stiftelsen Duoddárá Ráffe den 30. juli2002, og denne stiftelsen har ansvar for drifta av det pitesamiske kultursenteret på gnr. 48, bnr. 38, «Heimen» i Beiarn som blei offisielt opna fredag den 20. juni2003. Les mer …