Forside:Hardanger

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Eidfjord • Kvam • Ullensvang • Ulvik
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Hardanger
Utsyn frå hagen til Sandven hotell i Norheimsund.
Foto: Leif-Harald Ruud
(2023)
Vøringsfossen i Eidfjord kommune.
Foto: Stig Rune Pedersen
(1999)

Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.

Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.

Folk frå Hardanger blir kalla hardinger, og målet deira blir kalla hardingemål (utt. haring).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Eiliv Austlid som løytnant i 1938, same året som han vart kaptein.
Foto: Ukjent / Hedmarksmuseet
(1938)
Eiliv Austlid (født 6. mai 1899 i Ullensvang, død 15. april 1940 ved Dombås) var gardbrukar og kaptein i Hæren. Han fall under kampane på Dovre under felttoget i 1940. I 2009 fekk han Krigskorset med sverd for si innsats for å redde regjeringa som var på flukt frå tyske styrkar. Eiliv Austlid var son av folkehøgskulestyrar Andreas Austlid frå Østre Gausdal og Gunhild Halvorsdotter Offigsbø frå Lom. I folketeljinga 1900 finn vi han som den yngste av sju sysken saman med foreldrane på Lysheim i Ørsta.   Les mer …

Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8. august 1922 i Asker) var bilethoggar.Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.   Les mer …

Foto: David Aasen Sandved
(2010)
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.Blant attraksjonane er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876––1940) i samarbeid med Victor Nordan i seinhistorisk stil og reist i åra 1906––18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. Museet eid også AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914, der museet i dag har utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspel. Den faste utstillinga «Det store spranget» handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda. Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum.   Les mer …

Utsikt fra Torsnes mot Strandebarm på vestsiden av Hardangerfjorden.
Foto: Elin Galtung Lihaug
Torsnes er et lite sted sør for Jondal i Jondal kommune i Hardanger (Hordaland). Stedsnavnet antyder at det i tidligere tider var en helligdom for guden Tor på dette neset. Gården Torsnes har vært holdt innenfor samme slekt helt fra 1100-tallet og frem til i dag. Midt på 1600-tallet var godseieren på Torsnes, Lauritz Johansson Galte, en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han i tillegg til Torsnes hadde 31 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Hans sønn, Lauritz Galtung, var admiral i den dansk-norske fellesflåte og senere lensherre over Lister len og bodde lite på Torsnes som voksen.   Les mer …

Motiv frå Norheimsund.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket
(1951)

Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Hardanger. Staden har nær 2300 innbyggjarar, og ligg ved riksveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Norheimsund er eit viktig handelssentrum for ytre Hardanger. Med båtsamband til Utne og Odda og bussruter til mellom anna Bergen og Voss er det òg eit viktig trafikknutepunkt.

Ein stor brann i 1932 la store deler av sentrum i oske. Ein finn ei rekkje funkisbygg der, eit resultat av oppbygginga etter brannen.   Les mer …

M/F Haalogaland i Lyngenfjorden
Foto: Ukjent
(1974)

Motorferga Haalogaland ble bygd ved Kaarbøs Mek. Verksted i Harstad, og overlevert rederiet Statens Vegvesen i Troms i januar 1955.

27 år etter at motortankeren «Vesco» i 1927 ble overlevert Vestlandets petroleum, som seinere ble til ESSO, ble kjølen til et nytt fartøy strukket på Kaarbøverkstedet. Fartøyet, som ble byggenummer 18, fikk navnet «Haalogaland». Hun ble den første av fire ferger som ble levert fra KMV i løpet av de påfølgende tre år, til henholdsvis Statens Vegvesen i Troms, Tromsø ferjer, Torghatten transportselskap og Helgeland trafikkselskap. Statens Vegvesen skrev kontrakt med KMV den 28. mai 1953 om bygging av ei bilferge, og i september samme år ble kjølen strukket. Skipet ble tegnet av verkstedets ingeniører.

Huden på «Haalogaland» ble klinket til spantene, det var litt uvanlig så seint som i 1954, men man skal ha ment at fartøyet derved ble mer stødig og fleksibelt i de værharde områder den skulle betjene. Plateskjøtene ble imidlertid sammenføyet med elektrisk sveising.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hardanger
 
Andre artiklar