Forside:Midthordland

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Askøy • Austevoll • Bergen • Bjørnafjorden • Samnanger • Øygarden

Om Midthordland
Midthordland (Midhordland) er eit distrikt i Vestland fylke. Det omfattar den midtre delen av kyst- og fjordstroka i gamle Hordaland fylke, nemleg kommunene Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Samnanger og Øygarden. Midthordland har eit flatemål på 1785 kvadratkilometer, og folketalet 1. oktober 2011 var 352 064.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia

Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.

Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen.   Les mer …

Borgny Valvatne.
Foto: Ukjent, hentet fra Studentene fra 1923 (1950)

Borgny Valvatne (født 3. desember 1901 i Stor-Elvdal, død 17. juli 1992 i Tromsø) var lærer.

Hun var født Borgny Kvisli som datter av skolestyrer Knut Kvisli (1869–) og Petra f. Olsen (1864–1947). Etter eksamen artium ved engelsklinja på Voss landsgymnas i 1923 tok hun «Industriskolens lærerinnekurs» i 1924 Stord lærarskule i 1925. Hun begynte som lærer i Røros landsogn i 1926, og jobbet så på Markeng skole i Snertingdal fra 1928 til 1934. I denne jord- og skogbrukskommunen ledet hun ungdomslaget og sanitetsforeninga.   Les mer …

Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …

Faksimile frå avisa Hardanger 5. mars 1988; utsnitt av omtale av utnevninga av Ståle Dyrvik til professor i Bergen.
Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan, død 25. november 2022) var professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik var blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen, frå 1988 som professor i tidleg nytids historie. Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for Etne i Hordaland (1968-1995). Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for Norsk lokalhistorisk institutt.   Les mer …

Hans Thomas Meinich (født 30. januar 1819 på garden Kronborg i Land, død samme sted 7. juni 1878) var politiker og embetsmann. Meinich satt i perioden 1857-1858 som stortingsrepresentant fra Christians amt. Han var fogd i Valdres 1855-60, amtmann i Søndre Bergenhus amt 1860-69 og i Christians amt 1869 til 1878, med bolig og kontor på Lillehammer. Fra 1876 til 1878 vikarierte Jan Greve Skjoldborg for Meinich, siden denne da var formann i hovedmatrikuleringskommisjonen.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Midthordland
 
Andre artiklar