Forside:Orkdalen

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: OppdalRennebuOrklandSkaun
TIDLIGERE KOMMUNE: AgdenesMeldalOrkdal

Om Orkdalen
Orkdalen (eller Orkladalen) er eit dalføre i Sør-Trøndelag. Dalføret følgjer elva Orkla frå Orkelsjøen i Oppdal i sør, gjennom Rennebu og Meldalen til utløpet i Orkdalsfjorden i Orkdal kommune i nord. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Eline Forberg på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.

Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.

Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …

Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekte dei daverande kommunane Hemne og Snillfjord og hadde fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862. Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle hovudkyrkja, «Sancta Margrethæ», som stod på gården Kirkesæter, etter et lynnedslag brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.   Les mer …

Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910). Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.   Les mer …

Rennebu historielag vart starta 27. desember 1949 og er historielag for Rennebu kommune i Trøndelag. Ingebrigt O. Rokkones tok initiativet i 1947 ved å sende eit brev til kommunestyret med oppmoding til å oppnemne ein nemnd som kunne førebu skipinga av eit historielag. Kommunestyret nemnde opp ein person frå kvar av dei åtte skulekrinsane som var da: Aune, Voll, Refshus, Berkåk, Nordskogen, Gisnås, Havdal og Nerskogen.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Orkdalen
 
Andre artiklar