Bergitte Sæthern, ca. 1963.
Bergitte Sæthern (fødd 14. august 1900 i Eidskog, død 10. november 1975 same stad) var bonde, Høgre-politikar og folkeminnesamlar. Ho hadde verv i fleire lag og foreininger livet gjennom, blant dei Norges Bondekvinnelag.Sæthern var ein sentral Høgre-politikar i Hedmark. Ho var medlem av Høgrekvinnenes landsstyre, og dessutan det fyrste æresmedlemmet i Hedmark Høgre og av Hedmark Høgrekvinnelag. Ho reiste til dei andre nordiske landa som representant for høgrekvinnene, og skipa til fleire Høgre-kvinnelag i Hedmark. Ho sat i kommunestyret for Eidskog Høgre i fire periodar.Ho var aktiv i det lokale bispedømmerådet og meieristyret, ho var domsmann og skjønnsmann, med i Eidskogs utval til Norges Familieråd og medlem i Eidskog forsyningsnemnd og barnevernsnemnd.I 1948 stifta Sæthern Eidskog Bondekvinnelag, og ho blei den fyrste leiaren og kasseraren i laget.I 1923 samla Sæthern fleire folkeminne i Eidskog som ho sendte inn til Reidar Th. Christiansen (1886-1971), arkivar i Norsk Folkeminnesamling og professor i folkloristikk.Sæthern var djupt engasjert i å ta vare på lokalhistoria i Eidskog. Ho samla ikkje berre inn folkeminne, men var òg ein av eldsjelene bak Eidskog bygdebok.Sæthern formidla mykje av det lokalhistoriske stoffet ho samla i avisa. Les mer …
Undis Blikken i aksjon under det uoffisielle verdsmeisterskapet på Frogner stadion i Oslo i 1934. Foto: Ukjent, henta frå Norsk Årsrevy 1934. Ragnhild Undis Blikken (fødd i Åsnes 7. mai 1914, død i Oslo 22. januar 1992) var idrettsstjerne, kristeleg ungdomsarbeidar, politikar og mellom anna informasjonsmedarbeidar i Oslo kommune. Ho var ein idrettsutøvar i verdsklasse, og ein modig pioner for kvinneidrett i fleire greiner. Fyrst og fremst vart ho kjend som skeiselaupar i 1930-åra, mellom anna med tre noregsmeisterskap og eit verdsmeisterskap på merittlista. Ho var fødd og oppvaksen på småbruket Nordre Toverud i Åsnes i Solør. Foreldra var lærar Rasmus Blikken (1872-1961) og Petra (Petrine Marta) fødd Bjørnaset (1871-1970). Faren kom frå ein husmannsplass i Skjåk i Gudbrandsdalen, mora var oppvaksen på ein gard i nærleiken av Volda. Undis var den yngste av fem sysken. Ho var ugift. Les mer …
|