Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995. Foto: Siri Iversen (2018) Åsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ho dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særleg i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela. Dei finske tradisjonane går som ein raud tråd gjennom heile forfattarskapet, og Åsta Holth engasjerte seg òg på andre måtar i bevaring av tradisjonane. Ho var styremedlem på museet Finnetunet, og testamenterte huset sitt dit. Ho teikna Finnskogsbunaden for menn og kvinner, og ho tok initiative til Finnskogdagene på Svullrya. Under denne festivalen vert Finnskogen kvart år utropt som republikk, og Åsta Holth var livstidspresident for denne. Les mer …
Kraftverket på Tjura etter at kommunen tok over i 1919. Foto: Carl Normann (1923)
Tjura er det gamle bygdesenteret i Grue. Det ligger var Tjuraåa, som stedet har navn etter. På slutten av 1800-tallet ble det bygd et privat lysverk der, og det var møller, sagbruk og handel på Tjura. En av de viktigste bedriftene var Tjura spikerbruk, som ble grunnlagt med elva som kraftkilde i 1798. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 5. oktober 1953: Utsnitt av artikkel om dødsfallet til Emil Korsmo som følge av en fallulykke.
Emil Korsmo (født 25. juni 1863 i Grue, død 3. oktober 1953 i Oslo) var agronom og internasjonalt kjent ugressbiolog, professor ved Norges landbrukshøgskole, den første som delte ugressene inn i biologiske grupper. Han var også blant annet i en årrekke gårdsbestyrer og forvalter av Kristiania kommunes eiendommer, herunder Frogner hovedgård. Emil Korsmo var sønn av gårdbruker Hans Hansen Korsmo (1827–1917) og Anne Eriksdatter (f. 1829), og ble gift i 1898 med Aagot Jacobine Wiger (1868-1954). Han var far til arkitekt Arne Korsmo (1900-1968). Emil Korsmos vei på Manglerud i Oslo ble navngitt i 1961, i et område der flere av veiene har landbruksrelaterte navn. Ved Bioforsk Plantehelse på Ås, like ved Universitetet for miljø- og biovitenskap, finnes Korsmos ugrashage, en besøkshage/plantesamling med ugrasarter. Les mer …
Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen.
Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen ( Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. Les mer …
|