Stange prestegård før 1951. Petra Mowinckel flytta hit i 1913, og døydde her fem år seinare.
Petra Johanne Mowinckel (fødd Meitzner 6. januar 1861 i Kristiansund, død 31. januar 1918 i Stange) var prestekone.
Ho var dotter av Johanne Marie, fødd Erland, og Carl Odin Meitzner[1]. Faren var skipskaptein.
Ho vart gift med Jørgen Blydt Mowinckel i Nestun kyrkje i Fana 19. juli 1883. Han var teolog, og tok same år fatt på si fyrste prestegjerning, som stiftskapellan i Tromsø stift. I 1887 vart ho prestekone i Beiarn prestegjeld då han vart utnevnd til sokneprest der. Dei budde i Beiarn til 1899, og dei er såleis det presteparet som har vore lengst i Beiarn. Les mer …
Jønsberg, tidligere også kalt Olaberg, er en gard i Romedal i Stange kommune på Hedmarken. Den ble trolig utskilt fra Berg, som var urgarden i området. Garden ble i 1847 kjøpt av Hedemarkens amt, og det ble oppretta landbruksskole der. Den drives fortsatt, siden 2008 under navnet Jønsberg videregående skole. Den er gardsnr. 217 i Stange kommune, før 1964 gardsnr. 7 i Romedal kommune.
Fra urgarden Berg ble det utskilt en rekke garder. Flere av dem ser ut til å ha fått navn etter rydningsmannen, for navna er en kombinasjon av et mannsnavn og -berg. Vi finner i denne gruppa av garder Arneberg, Stenberg, Pålsberg, Olaberg og Jønsberg. De to sistnevnte var separate bruk en tid, men det ser ut til at navna tidlig gikk om hverandre, og mot slutten av middelalderen har Olaberg blitt fullt innlemma i Jønsberg og/eller Pålsberg.
Les mer …
Hovedbygningen på Hverven ble satt opp av Ole Hverven i 1816. Foto: Jensens (2007).
Ole Olsen Hverven (født 25. mars 1774, død 16. mai 1832) eller Ole Olsen Bolstad var en bonde på Hverven i Stange. Han bygde den bebyggelsen som garden har i dag. Han ble liknet for 247 spesidaler i sølvskatten 1816, og var den største skatteyteren i Stange. Ole kom fra Østre Bolstad i Åmot, og var sønn av Ole Pedersen Nygård (1727-1816) og Marte Olsdatter Bolstad (1728-1788). Han var yngstemann i en barneflokk på ti der seks vokste opp. Les mer …
Portrett av Hulda Garborg Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862 på Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område. Les mer …
Åker gard i Vang, Hamar kommune. Peder von Todderud åtte garden frå 1751 til 1764, da han overlet den til sonen. Som rangadeleg person kunne von Todderud nyte dei rettane som hefta ved Åker som rett adeleg setegard. Foto: Cato Edvardsen (2006)
Peder Gulbrandsen von Todderud (fødd 17. juli 1691 i Stange, død 30. mai 1772 i Vang i Hedmark, nåverande Hamar kommune) var ein offiser som mellom anna utmerka seg under Store nordiske krig. Han var fødd i bondestand, men oppnådde generalmajors grad og fekk dermed adelskap. Han kjøpte den adelege setegarden Åker i Vang, og budde der dei siste tjue åra av sitt liv. Han vart kjend for sitt målmedvitne og framtidsretta jordbruk i ein tidleg fase av Opplysningstida.Foreldra var Guldbrand Alfsson (f. ca. 1645) og Bergitte Johannesdotter. Dei var gardbrukarar på Todderud i Stange.
Peder Todderud gifta seg i 1720 i Moss med Maren Olsdotter (1696-1771). Ho var dotter til Ole Jochumsen, formuande borgar i Moss. Les mer …
|