Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen.
Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen ( Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. Les mer …
Inngangsparti i hovudbygningen på Grinder. Ole Arntzens initialar finst saman med årstalet over døra. Foto: Ukjent
Ole Arntzen (fødd i Grue 23. april 1731, død same stad 7. mars 1811) var gardbrukar og krigsråd. Han var fødd inn i bondestanden. Rangtittelen krigsråd vart tildelt han av kong Christian VII i 1774, rett nok ein ærestittel som var kjøpt og betalt. I alle høve var Arntzen sosialt høgt heva over den jamne bondestand. Det er såleis meir dekkande å kalle han proprietær enn bonde. Sin standsposisjon hadde han oppnådd i kraft av materiell velstand, danningsnivå og livsstil, sosial omgangskrets og slektsrelasjonar. Arntzen dreiv storgarden Grinder, som han hadde overteke etter foreldra. Han åtte mykje skog og jordegods, han dreiv sagbruk og teglverk og omfattande utlånsverksemd. Ein periode i ungdomen var han lensmann i bygda.
Les mer …
Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig. Foto: Ukjent. Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.
Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.
Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen. Les mer …
Dette utsnittet fra kirkeboka fra Grue viser noe av katastrofens omfang: Her ser vi navnene på elleve av ofrene, som ble gravlagt 1. juni 1822.
Brannen i Grue kirke i Hedmark den 26. mai 1822 er den største brannkatastrofen i norsk historie. 113 til 117 mennesker mistet livet da det brøt ut brann under første pinsedags gudstjeneste. Kirken var helt full på første pinsedag, som var en varm forsommerdag. Sognepresten Iver Hesselberg var i gang med sin preken da det begynte å brenne i ytterveggen på sørskipet. Brannen slo raskt gjennom veggen, og etter bare ti til femten minutter var kirke overtent.
Dørkonstruksjonen gjorde det vanskelig å evakuere kirken. Det brøt ut panikk, og dermed en kamp for å komme seg ut. De som var på galleriet kunne ikke komme fram når dørene var åpne, og det var i utgangspunktet et sterkt press mot dørene ettersom de slo innover. De som sto ut forsøkte å holde dem åpne, men varmen og presset innenfra gjorde det til slutt umulig. Les mer …
|