Randi Solem. Etter samtidig maleri.
Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas.
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår. Les mer …
Vestfossen kapell i 1914. Foto: Narve Skarpmoen
Vestfossen kapell på 1930-tallet. Foto: Ukjent
Vestfossen kapell ligger i Fossgata, på grunn som er skilt ut fra Fossesholm (gnr. 39), rett sør for tettstedet Vestfossen i Øvre Eiker kommune.
Kapellet tjente som sognekirke for Vestfossen kirkesogn. Det ble opprinnelig oppført som bedehus i 1863 for private midler. Innviet som kapell i 1902. Da kommunen ble skjenket kirketomt i Vestfossen i 1910, ble det diskutert om kapellet skulle rives eller flyttes til den nye tomta og utvides. I og med at det tok lang tid før disse planene ble realisert, har kapellet blitt stående på sin opprinnelige plass, og det tjente som gudshus for Vestfossen menighet fram til 2010. Les mer …
Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær. Les mer …
Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på Leira på Tustna i 1923. Thore P. Leren ( 1855- 1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus. Les mer …
|