Kristen Andersson Ormbergstøl - ordførar i Jostedalen 1897-1904 Kristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen (1897-1904). Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar, seinast 1884-96. Slektene Ormbergstøl, Kronen og Faaberg dominerte lenge lokalpolitikken i Jostedalen.
Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912. I eit minneord over han heitte det at Kristen "hev dyrka upp garden sin til mellom dei fremste i bygdi".
I same minneordet går det og fram at han hadde ei mengd politiske verv i Jostedalen, "nytta i mest alt komunalt arbeid ein kunde leggja paa ein mand i ei bygd." Forutan ordførar var han formann i fattigstyret, og medlem av skulestyret var opplysningsmannen Ormbergstøl i omkring 40 år. Les mer …
Gjerde sett frå aust. Campingplassen i framgrunnen, Jostedal Hotell i midten bak, Joker-butikken til venstre for hotellet og driftsbygningen til garden til høgre. Krundøla, Snåpebrui og vegen opp Haugabakkane til Krundalen i høgre kant.
Gjerde (Luster, gnr. 207/3) er eit gardsbruk og bygdesentrum i Jostedalen, Luster kommune. Staden ligg langs hovudvegen framover Jostedalen der Krundøla kjem ned i hovuddalføret. Gjerde sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.
Etter nyryddinga av Jostedalen på 1500-talet høyrde heile området i hovuddalføret på sør- og nordsida av Krundøla til garden Flatejordi, som er nemnd alt i presteskattelista frå 1596. Men Flatejordi vart lagt øyde att kring 1610, og garden vart delt slik at bonden på Haugen fekk hand om området på nordsida av Krundøla medan Hellegård fekk hand om området på sørsida. Ved ei delingsforretning 16.-18. juli 1901 vart dei tre Gjerde-plassane utskilde som eit eige gardsbruk ( Gjærde). Denne parsellen femnde òg om halvparten av øygarden på Flatejordi på nordsida av Krundøla. Les mer …
Johannes Flintoe: Krondalen (1834), akvarell. Flintoe var i Jostedalen i august 1822. Dalen er sett frå Haugen med Høgenibba og Bergsetbreen sentralt i biletet. Original i Bergen kunstmuseum.
Krundalen (Krondalen) er eit dalføre, ei grend og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Vestland fylke. Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen. Andre og mindre brear i Bergsetdalen er Vetledalsbreen, Baklibreen og Tuftebreen.
Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Grøneskreda med Vetledalsbreen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden. Les mer …
|