Signatur i futerekneskapen 1615-16.
Anders Lauritssen ( Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar. Les mer …
Nigard, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra.
Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.
Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis. Les mer …
Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.
Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.
Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. Les mer …
|