Eline Forberg på sine eldre dagar. Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.
Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.
Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske. Les mer …
Ola J. Rise 1952 Foto: Cornelius Jacobsen. Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910).
Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen. Les mer …
Ole Olsen Moene (født 1839 på Moan i Oppdal, død 27. mai 1908 på Molund under Jamtseter samme sted) var en treskjærer og husmann med vel 1600 arbeider på samvittigheten. De fleste arbeidene var nips og pyntegjenstander, men han sto blant annet bak altertavla i Lønset kirke, noen større skrin og enkelte drikkehorn. Moene var kjent utover Norges grenser, og den store detaljrikdommen skåret på små gjenstander var en del av hans stil. Utskjæringene er så detaljerte at det i mange tilfeller er behov for lupe for å få et riktig inntrykk av dem. Les mer …
Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar. I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk. Les mer …
|