Forside:Rauma kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VestnesRaumaMoldeAukraHustadvika
TIDLIGERE KOMMUNE: Sandøy

Om Rauma kommune
1539 Rauma komm.png
Rauma er en kommune i Møre og Romsdal. Den ligger lengst sørøst i Romsdal og grenser til kommunene Lesja og Skjåk i Innlandet. I eget fylke til kommunene Fjord, Vestnes og Molde. Åndalsnes er det største tettstedet og kommunesenter, det ligger sentralt plassert omtrent midt i kommunen. Kommunen har flere større bygdesamfunn. På nordsiden av Romsdalsfjorden ligger Isfjorden, Rødven, Eidsbygda, Åfarnes og Mittet. På sørsiden av Romsdalsfjorden ligger Veblungsnes, Innfjorden, Måndalen og Vågstranda. I Romsdalen ligger Marstein og Verma. Kommunen er kjent for sitt typiske fjord og fjellandskap med dype fjorder og høye fjelltopper. Turistnæringen er viktig for kommunen. Åndalsnes er cruisehavn, noe stedet har vært siden 1883. Cruisepassasjerer, sammen med laksefiske i Raumaelv og tindbestigning i de høye fjellene var det som tidligere trakk turister til stedet. Opp gjennom årene har det vært flere overnattingssteder og kjøring av turister har vært en viktig næring i regionen.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Gjetarane i Trio var med på bygginga av Grønbue inne i Reinheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland
Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane.   Les mer …

Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …

Våningahuset på Ner-Hole, framsida.
Foto: Arnfinn Kjelland

Ner-Hole Museum ligg i grenda Romsdalshorn i Rauma kommune. Det vart etablert ved at Grytten Heimbygdslag kjøpte tunet og noko jord av garden Ner-Hole gardsnr 18 bruksnr 2. Museumseigedomen fekk gardsnr 18 bruksnr 8.

Det som er særprega med museet er våningshuset, som er bygd i to etasjar av stein sett i leire. Det er truleg bygd ein gong mellom 1804 og 1815, ifølgje ein sterk lokal tradisjon av Ole Amundsson frå Flatmark f. 1778, d. 1816 på Kabben i Brøstdalen. Ytterveggane er heile 75 cm tjukke og kalka utvendig. Innvendig er huset delt med to steinveggar slik at det har tre seksjonar. Over murane er det tømra to omfar, og gavlane er òg i tømmer. Taket er eit sperretak med mønsås, men utan sideåsar.   Les mer …

Skilt ved innkøyringa.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal. Oppbygginga av dei ymse delane av senteret starta i 1999, og det blir brukt til å vise, demonstrere og forklare viktige sider ved næringsutviklinga ikkje berre i Lesja og Romsdalen, men i heile landet i desse siste 500 åra. Hovudfokus er på korleis den fornybare ressursen vatn har vore utnytta fram til elektrifiseringa skaut fart i siste halvdel av 1900-talet.

Senteret i ein større samanheng

Under omvisingar prøver ein gjerne, etter å ha vurdert tilhøyrarane, å plassere anlegga i senteret i ein større historisk samanheng. Da kan ein gå tilbake til den perioden der folketalet i Noreg var på det lågaste, først på 1500-talet, der det ikkje budde fleire enn mellom 150.000 og 180.000 menneske i heile landet (dei noverande grensene). Folketalet hadde stupt drastisk etter Svartedauden, gamal dyrka mark hadde grodd att i alle fall i utkantstrøk og fjellbygder som Lesjaskogen var sannsynlegvis heilt fråflytt.

Da voks skogen opp ikkje berre i innlandet, men òg langs heile kysten stod tømmeret på rot heilt ned i fjøresteinane.

I denne perioden skjedde det òg store endringar i økonomi og befolkning særleg i Nordvest-Europa. Spania og Portugal hadde starta utforskinga av «den nye verda», og England, Skottland og Nederlanda følgde etter med raskt aukane urbanisering. Denne utviklinga kravde byggematerial, og dermed vart det norske tømmeret ei lett tilgjengeleg og ettertrakta vare. Prosessen starta kanskje med den såkalla skottehandelen, som utvikla seg vidare langs kysten både aust- og nordover.

Denne handelen med norsk trelast var avhengig av ein teknologiske nyvinning, oppgangssaga, for i alle fall langs mesteparten av kysten var det lett tilgjengelege kraftkjelder i form av vassdrag; elver og åer, som kunne drive den nye, effektive teknologien. Desse kan godt vere heilt eller delvis kunstige, og det er mange som har namnet Sagelva rundt om i landet.

Framveksten av saganlegget

Det er usikkert når anlegget her vart etablert, men det var sannsynlegvis i samband med ei vanskeleg tid for Lesja jernverk kring 1720. Jernverkseigaren, Reinholdt Ziegler, bad i alle fall i 1721 om eit tingsvitne som kunne stadfeste at han hadde behov for å drive ei sag under garden Stuguflotten.[1] Her spurte Ziegler «tilstædeværende Almue, saa vel og udi Særdeleshed af opsidderne paa Raanaa, Bjørlien og Enneboe» om 1) om dei skogstrekningane som høyrde til Rånå, Stuguflotten og Bjorlie, men som ligg i sirkumferensen til verket, var brukbare til verkets bruk som trekol eller setteved, og 2) om denne skogen på annan måte enn ved å bli levert til den saga som alt stod på Stuguflotten kan kome Kongen eller oppsitjarane til nytte. Til dette svarte 'bøndene' nei, vegen frå desse skogstrekingane til verket var så lang og «besværlig» at det ikkje var råd å frakte trekol eller setteved dit, og at skogen som dei tre gardane åtte «af ælde og Vind omfalder og forraadner» slik det var, viss dei ikkje fekk høve til å «imot billig betalning» fekk levere tømmer til eigaren av saga på Stuguflotten.

Ziegler hadde i 1719 bygsla halve Stuguflotten av eigaren, som var Oslo Hospital etter skøyte frå den tidlegare jernverkseigaren Jørgen Fillipsen. Det er ikkje usannsynleg at verkseigaren bygsla garden nettopp av omsyn til den saga som ifølgje tingsvitnet alt stod på garden.

Det er usikkert om eller i kva grad det var sagbruk ved Sagelva her i tida etter at jernverket vart nedlagt først på 1800-talet til kring 1870, da eigarane av Stuguflotten, Nystugu og Ner-Brøste gjekk saman om å bygge oppgangsag. I 1917 overtok brukaren i Ner-Brøste, Ola K. Brøste, endra til sirkelsagteknologi[2] og bygde Brøstsaga.

Dei enkelte delane i senteret

Sirkelsaga

Sirkelsaga som står nå er ein rekonstruksjon av Brøstsaga slik ho var i 1934. Rekonstruksjonen starta i 1999 og var ferdig i 2002. Ho har to sagblad. Det største blir kalla bakblad og blir brukt il å fjerne bakhonen frå stokken. Det andre blir kalla bordblad og blir brukt til å sage plank og boks. Under arbeidet med fundamentet ved elva fann dei fire gamle 30-40 kg tunge lager av stein, der ein kan sjå spor etter oppheng for aksling. Desse lagera er nok frå det gamle saganlegget og står nå ved oppgangssaga.

Oppgangssaga

Oppgangssaga er ein kopi med undervasshjul, oppsett i 2008. Den demonstrerer det kanskje viktigaste industrielle gjennombrotet i Noreg i eldre tid, da den kom i bruk tidleg på 1500-talet og førte til omfattande uthogging av tømmerskogen særleg langs kysten. Oppgangssaga var óg svært viktig for sagbruksindustrien, som fekk stor betydning særleg på Austlandet i dei følgjande hundreåra. Plasseringa her er utanom det gamle anlegget, men vatnet blir henta frå Sagelva. Med undervasshjul er det farten på vatnet som driv maskineriet, og det er prinsippet på alle anlegga her bortsett frå stampa.

Tradisjonell gardskvern

Kverna i senteret er oppsett på same stad som det har vore kvern tidlegare. På ein av dei gamle steinane som vart funne her står årstalet 1704. Kverna som står nå, er kopi av ei tradisjonell gards- eller bekkekverna med liggande kvernkall og kvernstein frå Brufossen mølle i Øverdalen, opphavleg frå Selbu. Det daglege brød var eit sentralt element i det gamle jordbrukssamfunnet. Denne teknologien vi ser her, med vasskraft og større kvernsteinar, avløyste den meir arbeidskrevjande handkverna, som ein kan sjå ein modell av i kafeen.

Illegal kvern frå andre verdskrig

Denne kverna er rekonstruert slik ho såg ut i 1942, med elektrisk motor. Ho vart da montert i skjul på Stuguflotten og brukt til ulovleg og straffbar maling av korn så lenge krigen varte. Opphavet til kvernsteinane er ukjent, men dei kan ha vore frå ei eldre kvern på same staden.

Stampa

Denne tøy- eller vadmelsstampa er og oppsett på same stad som det har stått same slag anlegg før, truleg frå midten av 1800-talet. Kopien i senteret har fire stokkar og overvasshjul. I slike stamper behandla ein ull ved at taggane på akslingen løfta stokkane og slapp dei ned att i trauet, der det vevde ullstoffet låg og valka det samal til vadmel. I anlegg med overvasshjul var det tyngda på vatnet i skovlane som overførte energi til maskineriet.

Kol- og tjærebrenningsanlegget

Kol- og tjærebrenningsanlegget viser òg ei gamal form for ressursutnytting, ikkje direkte med vasskraft (men anlegget her har vasskjøling på terpentinuttaket). I anlegget fyller ein på feitved kløyvd i små bitar, og produserer i løpet av 8-10 timar både terpentin og ca. 16-17 liter tjære. Tjære var ein viktig ressurs i Lesja, for etterspurnaden var stor nede ved kysten, der særleg båtar og bygg av treverk trong tjære til impregnering.

Kunstig kanalsystem med nåledammar

Drifta av dei ymse delane av senteret blir styrt gjennom eit kanalsystem med fleire vassrenner, den største på 40 m lengde og med 6,6 m fall. Systemet har den gamle metoden med fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet. Det blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum. Nålene er av plank med forskjellig breidde for justering av vasstrykket mot sagene og kvernene.

Moderne minikraftverk

Ovanfor anlegget ligg eit moderne minikraftverk, bygd i 2006 med ein maksimumsproduksjon på 640 kW. Det er nok til 160-170 husstandar. Verket får vatn gjennom ei røyrgate frå øvste del av Sagelva, dre trykkrøyret har eit fall på 110 meter. Vatnet renn ut frå kraftverket og tilbake i Sagelva før resten av anlegga. Når senteret er ope får publikum òg sjå inne på kraftverket.

Industribygget

  Les mer …

Elva Rauma, Flatmark i Rauma kommune
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket, 1956
Elva Rauma renner mot nordvest ned Romsdalen, fra Lesjaskogsvatnet i Innlandet fylke, til Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Elva er en del av Raumavassdraget som ble vernet i Verneplan IV for vassdrag i 1992. Rauma er 64 km lang og har flere tiløp, de største kommer fra vest og sørvest, blant annet elvene Grøna, Ulvåa, Verma og Istra. Elva ender i Romsdalsfjorden og danner grenssen mellom Åndalsnes og Veblungsnes. Nedbørfelt 1202 km2.   Les mer …
 
Se også


 
Eksterne ressurser
Forside:Rauma kommune/Eksterne ressurser
 
Kategorier for Rauma kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artikler