Forside:Samiske språk

Sideversjon per 14. nov. 2013 kl. 13:29 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samiske språk
Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.

Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk har òg somme morsmålstalarar i Norge, og revitaliseringsarbeid er i gang. Skoltesamisk og umesamisk er lokalt utdøydd som morsmål i Norge, men revitalisering er aktuelt. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige. I Finland har nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk morsmålstalarar.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kart over Sverige med kommunane innanfor Förvaltningsområdet för samiska språket innteikna i gult.
Förvaltningsområdet för samiska språket i Sverige er ei gruppe av kommunar der samiske språkbrukarar har rett til å bruke språket sitt i visse samanhengar. Dette inkluderer førskule, eldreomsorg og kontakt med kommune og stat. Det finst derimot ikkje nokon rett til samisk som førstespråk og opplæringsspråk i grunnskulen i Sverige. Förvaltningsområdet för samiska språket inkluderer alle svenske kommunar som grensar til Noreg mellom Trysil i Hedmark og Storfjord i Troms. I tillegg er innlandskommunane Östersund, Dorotea, Lycksele, Malå og Arvidsjaur så vel som kystkommunen Umeå inkludert.   Les mer …

«Sami soga laula» blei først trykt på forsida av Sagai Muittalægje i 1906.
«Same soga laula» (moderne nordsamisk: «Sámi soga lávlla») er eit dikt forfatta av Isak Saba og først utgjeve i Sagai Muittalægje den 1. april 1906. Diktet vart tonesett av Arne Sørum og vedteke som samisk nasjonalsong i 1986. «Same soga laula» er omsett til dei fleste samiske språka.   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Eldre samisk salmebok som har blitt brukt blant lulesamane.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune.   Les mer …
 
Kategoriar for Samiske språk
 
Andre artiklar