Forside:Setesdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. des. 2010 kl. 23:00 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Iveland • Valle

Om Setesdal
Valle frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen
(2008)
Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.

Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sanden 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Sanden, også kalla Eidsvollsbakken, låg innunder Sandefjellet, i bakkane ned mot den austre stranda av Bykil i Bykle kommune. Næraste grannen i sør var plassen Stigamidjom under Trydal, men Sanden gjekk ut frå Bjones, og fekk difor bruksnummer under Stavenes.

Staden vart busett kring 1875, og matrikulert som eige bruk i 1878. Landskylda vart i 1878 sett til 2 øre. Så vidt me kan sjå var Tarjei og Arne Tarjeissøner Bjones og huslydane deira dei fyrste som budde i Sanden. Me har plassert den nærare omtalen av Tarjei i bolken om Bjones, men Arne set me opp her:

  • Arne Tarjeisson Bjones, f 1841, til Amerika med heile huslyden
g 1871 m Eli Olavsdtr. Nesland, f 1833.   Les mer …

Gamlestoga i Nystog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.

Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her. Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.

Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.   Les mer …

Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.   Les mer …

Brotteli ein gong mellom 1903 og 1910. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: August Abrahamson

Brotteli ligg heilt i vestre enden av Nordbygdi og inst i Bossvatn i Bykle kommune. Garden er bratt og går heilt ned mot Brotteliåni. Lenger ut, ned mot vatnet, var det flatare jorde, men desse vart neddemde i vassdragsreguleringa i 1978. Dei fyrste husa sto etter alt å døme oppå flaten i øvre enden av jordet. Her står framleis grunnmuren av ei husrekkje på over 24 meter. C14-dateringar viser at denne går attende til 1600-åra.

Brotteli ligg djupt i terrenget, så her var sollaust 24 veker i året, men endå rekna dei med at her var like tidleg vår som i Bjørnarå. Kornet fraus mest aldri om hausten. Støylen Flatstøyl låg på sørsida av elva, og var ein grei og god heimestøyl.

Gardsnamnet er det ikkje så mykje å seia om. Det tyder den bratte lia, og bratte liar er her nok av, både nordover og sørover.

Den gamle landskylda på garden var sett til 1/2 hud. Etter landskyldrekninga i Bykle i eldre tid svarar 1/2 hud til 12 nottungar, 6 kalveskinn eller 2 geiteskinn. Då det vart sett på ny skyld i 1838-matrikkelen vart Brotteli tildela 1 dalar 2 ort og 11 skilling, og i 1886 vart skyldverdet sett til 2,07 nye skyldmark.

Garden er nokså gamal, og eit brev frå 1614 peikar mot mellomalderbusetnad. Dette kjem me straks attende til. I nyare tid finn me ingen oppsitjarar nemnde fyrr i året 1622, men eigarar får me vita om litt tidlegare.   Les mer …

Jeiskeli 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Jeiskeli ligg på ein sete under lia eit par kilometer austanfor riksvegen ved Hegni i Bykle kommune. Vidare mod aust er der hei og høgfjell, og både nordom og sørom den dyrka jorda er der mest myr. Men der sjølve garden ligg er faste og fine vollar.

Jeiskeli er omtala som øydegard i ei skatteliste frå 1607, og i 1624 ser ein at garden hadde eiga landskyld, og sto i 3 kalveskinn, men det var ingen som budde her på den tida. Dette tyder på at her har vore busetnad i mellomalderen. Men sidan, og truleg heilt frå Svartedauden, var staden støyl for berdalsbøndene i langsameleg tid, inntil han vart selt ifrå til eit sjølvstendig bruk i 1890, og vart bnr 7 under Berdalen. Bruket gjekk då ut med 4 øre frå Der nede, 4 øre frå Hagen, og 4 øre frå Der uppe, slik at det fekk ei samla skyld på 12 øre.

Tarald Nomeland har tvillaust rett, når han seier at namnet Jeiskeli «må koma av geitskor, ei urt som veks i lier og åkrar» (Bykle kultursoge 1993, 368). I tillegg kan ein godt spandere den vanlegaste nemninga på planta, som er «geiterams», og det botanikkfaglege namnet epilobium augustofolium. Sjølve ordet, geiske, f, er etter Ivar Aasen ein dialektvariant av geitskor. Dermed torer me rekne namnet for tydd, men endå kan det vera gaman å få med seg den folketymologiske tydinga, som er attgjeve hjå Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 8): «I Geiskelidi sat Geiska. Geiska var rik og svær. Ho sat med tolv kyr. Brunnane syner enno, og dei er mura; so kann han sjå for svær ho var.»   Les mer …

Sigurd Aamlid
Foto: Norske skolefolk (1952)
Sigurd Aamlid (fødd 8. september 1889 i Valle i Setesdal, død 19. november 1964) var lærar, underoffiser, mål- og ungdomslagsmann. Lengst verka han i Kristiansand. Sigurd Aamlid vart gift med Gunnhild Tellefsen (1898-1976), dotter av kjøpmann Simon Tellefsen og Karen f. Lindebø. Gunnhild og Sigurd Aamlid hadde i 1934 to døtrer.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Setesdal
 
Andre artiklar