Funn frå Gausel vart vist fram i Stavanger same året som dei vart funne. Annonse frå Stavanger Amtstidende og Adresseavis.
Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rikt utstyr på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingtid). Samuel S. Gausel fann i 1883 ein liten gravhaug medan han arbeidde med steinrydding. Han tok bort ein del stein og oppdaga eit murt kammer med dekke av tre heller. I grava låg ei rekkje gjenstandar. Samuel Gausel samla opp tinga og gav dei til ein smed, som igjen selde dei til Bergens Museum for 70 kr. Museet bad Gausel om å freista å finna fleire gjenstandar i grava. Ytterlegare nokre fragmenterte ting kom for dagen, før grava blei fylt igjen. Konservator Tor Helliesen ved Stavanger Museum registrerte fornminne i området rundt 1900. Det var då ingen synlege spor etter grava, men han fekk påvist omtrent kvar ho hadde vore. Les mer …
Joronn Housken (fødd 2. november 1917 i Stavanger, død 4. desember 1993 same stad) [1] var filolog og lektor ved Stavanger katedralskole.Housken var filologistudent då ho blei arrestert 9. november 1943. 4. november deltok ho på eit illegalt møte i Stavanger, der mellom anna motstandskvinnene Helga Stene og Aasta Stene var tilstades. Dei var omtrent ti personar på møtet, og etter møtet blei ein av deltakarane tatt av Gestapo og torturert. For å ikkje røpa viktigare ting fortalte han om møtet. Dei fleste som hadde vore på møtet blei arresterte, blant dei Housken.Ho blei overført frå Stavanger til Grini, der ho kom 1. desember 1943. 6. juli 1944 sendte dei Housken vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück nord for Berlin, der ho fekk fangenummeret 45623. Seinare hamna ho i utekommandoen Altenburg under Buchenwald, ein konsentrasjonsleir i nærleiken av Weimar, der dei hadde mangel på arbeidskraft. Fangar frå andre leire, som Ravensbrück, blei sende dit, og Housken arbeida med produksjon av ammunisjon på våpenfabrikken Hugo Schneider AG. Les mer …
Kvitsøygt. 18 i Stavanger. Bygd som fabrikklokale og bustad for familien Fugellie ca. 1868. Foto: Erling Jensen 2012. Johan Peter Fugellie, også omtala som Petter Fugellie, (fødd i Kristiansand 26. november 1829, død i Stavanger 20. juli 1908) var gardbrukar og fabrikkgründar. Særleg er han kjend for sydvest- og oljehyreproduksjon som han og mor hans, Christiane Heede Fugellie, så smått byrja med på 1850-talet, og som var blitt ei betydeleg protoindustriell verksemd da Fugellie måtte gje tapt i konkurransen mot nye materialar og metodar i 1898. Eilert Sundt omtalar Fugellie i sin rapport om husfliden i Norge frå 1867, og gjev han følgjande attest: «Manden er en af disse driftige folk, om hvem det heder: ‘Sæt ham paa et bart Fjeld, og han vil faa noget ud deraf’». Fugellie slutta seg til kvekarsamfunnet og var aktiv i det organiserte fredsarbeidet. Les mer …
Olav Hindahl omkring 1930. Foto: Ukjent
Olav Hindahl (født 17. oktober 1892 i Stavanger, død 14. juni 1963 i Oslo) var typograf, lokalpolitiker, formann i Landsorganisasjonen, arbeidsminister og direktør i Arbeidstilsynet. Han var LO-formann da Hovedavtalen av 1935 kom på plass, og gikk i 1939 rett fra formannsstillingen til en statsrådspost i Johan Nygaardsvolds regjering. Han ble med regjeringen over til London under okkupasjonen 1940–1945. Han var sønn av skipsfører Sven Andreas Hindahl og Bojine Olsen. Hindahl utdanna seg som trykker og stereotypør, og fikk fagbrev i 1911. Han jobba i fødebyen Stavanger, først i Vestlandet som var ei høyreavis, og senere i Stavangeren. Han ble gift med Gudrun Aarsteinsen i 1914. I 1916 ble Hindahl formann i Stavanger Stereotypørklubb, og samme år ble han sekretær i Stavanger typografiske Forening. Det vervet hadde han til året etter, og 1919– 1921 var han formann i foreningen. 1924– 1925 var han så formann i Stavanger og Omegns faglige Distriktsorganisasjon. Les mer …
|