Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.
Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.
I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Les mer …
Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar, og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. I dag (2022) finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her.
Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr. 62, bruksnr. 3 i Ullensvang kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke. Les mer …
Admiral Lauritz Galtung (maleri av Karel van Mander ca. 1660.
Lauritz Galtung (født ca. 1615 i Jondal, død høsten 1661) var en norsk adelsmann som ble utdannet militært og i 1657 ble admiral i den dansk-norske fellesflåte. I 1658 ble han utnevnt til lensherre over Lister len i Norge. Lauritz Galtung ble født på slektsgården Torsnes ved Jondal i Hardanger ( Hordaland). Han var den første i den slekten som har vært kalt den yngre Galtungslekt, som tok i bruk navnet Galtung som slektsnavn. Hans far, Lauritz Johansen Galte, var en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han eide 32 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Omkring 1660 lot Lauritz Galtung en kjent maler, antagelig hoffmaleren Karel van Mander d.y., male store portrettbilder av seg selv, sin kone og sine fem eldste barn Les mer …
|