Norrøna Fabrikker før 1949. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Norrøna Fabrikker vart etablert i 1883 og var ein smergel- og brynesteinsfabrikk som dreiv foredling av brynestein og seinare produksjon av kunststein. Fabrikken låg i Porsgrunn.
Grunnlaget for produksjonen ved Norrøna Fabrikker var brynestein frå Eidsborg i Tokke kommune. Brynesteinen blir rekna som den eldste eksportartikkelen i Noreg, og gjennom arkeologiske utgravingar har ein funne brynestein frå Eidsborg på alle dei seks kontinenta. Brynesteinen vart brote og kløyvd til råemne i brynesteinsbrota i Eidsborg og deretter frakta til Dalen og vidare gjennom Telemarkskanalen til Porsgrunn. Fabrikken si verksemd skapte stor aktivitet i Eidsborg. Siste last med brynestein vart frakta til Porsgrunn i 1952. Les mer …
Lårdal Fabrikker før brannen kring 1920.
Lårdal Fabrikker blei skipa i 1916. Fabrikken var ein trevarefabrikk som låg nede ved bryggja ved Bandak i Lårdal i Tokke kommune.Fabrikken blei skipa som eit lutlag av Jon og Kjetil Kleve. Interessentar teikna seg for ein eller fleire lutar av 250 kr, og med ein startkapital på 1/2 million tok dei til å byggje ein kraftstasjon i Lårdalsåi i 1916 [1], eit moderne sagbruk, eit høvleri, ein stor lagerbygning og ei dampturke. Kraftstasjonen var på 285 kW. [2] «Sagbruksbygningen hadde ei grunnflate på 400 m² og var bygd i to høgder med dobbel sagspindel, hunkappe og elektrisk turke i 2. høgd, klyvsag, dobbeltkante og høvelmaskin i 1. høgd. Fotutan ein lagerbygnad på 600 m² grunnflate høyrer det til anlegget ein snikkarverkstad [...].» [3] Les mer …
Staskniv av Gunnar Omdal, krokslirkniv av kvalrosstann. Foto: Vest-Telemark Museum. Gunnar Omdal (1901–1984). «Knivkunstnaren» frå Omdalsgrend som laga stasknivar det vil gå gjetord om til alle tider. Gunnar er blant kremen av knivmakarane frå øvre Telemark og har mykje ære for at stasknivane frå Vest-Telemark er vidgjetne og står til overmåls i eiga særklasse – det skal halde hardt om nokon slår desse. Det er alle seriøse knivsamlarar sin våte draum å ha ein Omdalkniv i samlinga si. Desse stasknivane er i dag særs verdifulle og er vanskelege å få tak i.
Gunnar kom til verda den 22. september 1901 på garden Sudistog Omdal i Tokke kommune. Der voks han opp, men då han vart vaksen overtok og dreiv han, i lag med den eldre broren Nils, garden Uppigard Mjaugedal. Der blei han buande resten av sine dagar. Berre heilt på det siste var han på Helseheimen nede på Dalen, og der slokna han den 9. november 1984.
Ungane, som voks opp i fjellbygdene på fyrste halvdel av 1900 - talet, dreiv på med arbeid og leik. Skulegang blei det ikkje så mykje av og formell utdanning seinare var heller uvanleg. Men for å klare seg i livet, var det mykje som måtte lærast. Ungane måtte tidleg vere med i det daglege gardsarbeidet og ved at generasjonane arbeidde saman, blei læringa ein naturleg del av kvardagslivet. Særleg det å vere sjølvhjelpt var overmåte viktig.
Gunnar Omdal var ein bygdekustnar av det rette slaget. Han var særdeles nøyen i alt han gjorde. Kor lang tid arbeidet tok fekk så vere, men resultatet måtte vere fyrsteklasses. Det skulle vere solid, fint og skikkeleg gjort. Kvalitet var langt viktigare enn kvantitet for denne karen. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvgravør, mekanikar, tømrar og gardbrukar. I slekta hans finnast fleire dugelege handverkarar og bygdekunstnarar, så han hadde det nok i blodet. Alt som liten gutunge, blei det lagt merke til hans gode evner og handlag innan handverk. Han fekk det liksom til – alt som fanst. Les mer …
Sigrun Berg fotografert i sin vevestue i Damstredet 20 i Oslo i 1962.
Sigrun Karoline Matina Berg (født 18. mai 1901 i Kristiania, død 18. mai 1982 i Oslo) var kunsthåndverker med egen vevstue. Hun var en ledende skikkelse i norsk tekstilkunst i etterkrigstida, ikke minst er hun kjent for skjerfa hun produserte, som var svært populære på 1970-tallet. Produktene hennes holdt høy standard, og bidro til å gjøre norsk design kjent også utenlands. Les mer …
John og Torbjørg Lie med born Foto: ukjent fotograf
Torbjørg Lie, fødd i Fyresdal i 1855 og død 1924 i Kviteseid. Torbjørg var frå garden Rinden, gnr. 57 i Åslandsgrend. Foreldra var Jørund Bjørguvson Breiland (1802-1876) og Gunhild Olavsdtr. Øvretveit (1814-1881). Torbjørg var den yngste i ein syskenflokk på 7.
I 1882 vart Torbjørg gift med John Pederson N. Lie (1846-1916) frå Lie nedre, gnr 88/1 i Liegrend i Fyresdal og dei vart buande på Lie. Jon var lærar, diktar og gardmann. Eldste son deira var Håkon Lie (1884-1970) som vart skogforvaltar og forfattar, busett på Lillehammer. Les mer …
|