Forside:Vik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Vik kommune
1417 Vik komm.png
Vik kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Sogndal og Lærdal i nord, Aurland i aust, Voss og Vaksdal i sør og til Modalen og Høyanger i vest. Administrasjonssenteret er Viksøyri, som er einaste tettstad i kommunen.

Jern- og metallvareindustri står sterkt i kommunen. Vik Ørsta, tidlegare Hydro Aluminium, er hjørnesteinsbedrift. Det er óg anna industri, mellom anna møbel- og maskinindustri. I landbruket finn ein mest husdyrhald, særleg småfe og geit. På Vangsnes og i Fresvik er det ein del fruktdyrking.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Stølsdrift på Dalsetet, slutten av 1940-talet. Brynhild Tjønn med borna Gyda og Magnar på Bruasetet. Margit Tveit og Gunhild Dale, budeier Dalsetet
Foto: ukjent/foto privat
Nyasetdalen i Feios er ein sidedal i Gullsetdalen. I denne dalen hadde gardane Tjønn, Tveit og Dale stølsdrifta eller seterdrifta si. Frametter Feioselvi ligg setervollane som "perler på ei snor". Nokre av stølshusa ligg der framleis, men på Dalsetet er det berre grunnmurane tilbake. Dalsetet ligg på ein høgde i dalen, og derfrå er det eit vakkert utsyn heimover dalen.   Les mer …

Feioselvi med Osen bru
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto
Osen bru i Feios feirte 90 år i 2017. Brua knyter saman bygda over Feioselvi. Denne buldrande elvi har runne gjennom bygda gjennom årtider. "Elvi gjennom dalen heitte i gamle dagar Fe, men kallast no Feioselvi eller berre Os-elvi." Ja, slik er omtalen i Leikanger Bygdebok frå 1965. Brua ligg i Osen gnr. 176. I dag er brua ein del av fylkesvegen som går gjennom Feios til Fresvik. I dalføret på begge sider av Feioselvi går dessutan fylkesvegen med namnet Lundsvegen og Åfetvegen. Feios har sidan 1992 vore eit bygdelag i Vik kommune. Brua vart bygd av lokale krefter, eit dikt om arbeidet med brua er nedskrive etter memoreringsdata frå Elsa Runnestø.   Les mer …

Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde

Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeldOsterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.

Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen.   Les mer …

Liktvorane i Vik kommune ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under andre verdskrig. Frå slutten av 1939 fram til 1. mai 1940 var garden Liktvoren med det gode utsynet midt i Sognefjorden ein norsk luftvarslingspost. Etter dette tok tyskarane over. Fram til krigen slutta hadde tyskarane ein vaktstyrke på 8-10 mann på denne vaktposten 3 km frå Vikøyri.   Les mer …

Synnøve Finden (foran) fotografert sammen med partneren Pernille Holmen i deres hjem i Arilds vei 1 på Kjelsås i Aker. Bildet er sannsynligvis tatt på 1930-tallet.
Foto: Esther Langberg/Oslo Museum.

Synnøve Finden (født 7. desember 1883 på gården Finden i Vik kommune i Sogn og Fjordane, død 6. januar 1957 i Oslo) var meierske, grunnlegger av meieribedriften som fortsatt bærer hennes navn.

Synnøve Finden dro fra hjemgården da hun var rundt 18 år gammel, og utdannet seg til meierske og yster i Stavanger. Her bodde hun på adressen Arneagergaten 6. I folketellingen for 1910 er hun, med yrkestittel meierske, oppført som beboer i Torshauggate 16 i Kristiania.

I 1928 etablerte hun Synnøve Finden Ostefabrikk sammen med enken Pernille Holmen (1889–1961). Holmen sto for den administrative ledelsen av bedriften, mens Finden sto for den meierifaglige delen. Fabrikken ble etablert under enkle forhold i Danmarks gate 41 på Vålerenga i Oslo. Bygningen ble kalt «pultosten» på folkemunne.

Finden og Holmen bodde fra 1930-årene sammen i Arilds vei 1 på Kjelsås. Forfatteren Tor Edvin Dahl er barnebarn av Pernille Holmen, og har skrevet bok om henne og Finden. Dahl bor i dag (2013) i nettopp Danmarks gate 41, arnestedet for bedriften.   Les mer …

Arnoldus Hille (1829–1929).
Foto: L. Szacinski (firmaet, ca. 1890–1900)
Arnoldus Marius Hille (født 14. mars 1829 i Fresvik i Leikanger, død 7. januar 1919 i Kristiania) var biskop av Hamar fra 1887 til 1906. Han regnes som en helt sentral person for utviklinga i Den norske kirke på slutten av 1800-tallet. Hilles gateHamar er oppkalt etter han. Hille var sønn av godseier og landhandler Wollert Krohn Hille og Elisabeth Marie Hess Lem fra Fresvik i Leikanger, i dag i Vik kommune, ved Sognefjorden. Han tilhørte en stor søskenflokk, der man blant andre finner kaptein og ingeniør Lars Mathias Hille den yngre. Han ble også svoger til Ole Rømer Aagaard Sandberg.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Vik kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Vik kommune
Feios
ingen underkategorier
 
Andre artiklar