Faksmilie frå Stavanger Aftenblad, 22. juni 1957.
Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død 21. juni 1957 i Stavanger) var ein lærar som hadde lengste bolken av yrkeskarrieren sin i Stavanger-skulen. Aabø var òg ein aktiv fråhaldsmann og sat som Venstre-mann i Stavanger bystyre.
Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.
Som nyutdanna hadde Aabø eit stutt vikariat i Grotland skulekrins på Voss, før han i 1911 byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland. Der var han til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Frå 1938 til 1947 var Aabø skulestyrar ved Buøy skule, ein annan Stavanger-skule. Seinara var han ved Sørvik skule på Lindøy og ved Johannes skole, der han var overlærar. Les mer …
Anathon Aall. Foto: Hentet fra Festskrift til Anathon Aall (1937)
Anathon August Fredrik Aall (født 15. august 1867 i Nesseby, død 9. januar 1943 i Oslo) var opprinnelig teolog, men gikk senere over til psykologisk forskning. Han var professor i filosofi ved universitetet i Kristiania 1908–1937, der han sto bak opprettelsen av Psykologisk institutt, som han ledet i en årrekke (psykologi var den gang del av filosofi som universitetsfag).
Anathon Aall ble født i Nesseby, der faren var sogneprest 1864-1875. Familien bodde senere i Naustdal i Sunnfjord og Øksnes i Vesterålen, der faren hadde presteembeter. Aall tok examen artium i Stavanger i 1886 og studerte deretter teologi i Kristiania, hvor han ble cand.theol. i 1892.
Aall underviste i et år ved Gjertsens skole i Kristiania etter embetseksamen. Mellom 1893 og 1897 oppholdt han seg i utlandet med stipend for å studere historisk religionsvitenskap. Han besøkte Danmark, Tyskland, Frankrike og Storbritannia.
I 1897 søkte Aall på et professorat i kirkehistorie ved universitetet, men ble vurdert som for radikal, og dermed uskikket. Han dro i stedet til Storbritannia for å studere britisk erfaringsfilosofi. I 1900 dro han til Berlin for å sette seg inn i eksperimentalpsykologi, en ny disiplin den gang. Aalls opphold i Tyskland (til Berlin og Halle) varte i åtte år. I 1903 kvalifiserte han seg som universitetslærer i Halle, og 1904-1908 underviste han som privatdosent i eksperimentalpsykologi og filosofihistorie.
Les mer …
Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958. Foto: Heidi Thöni Sletten (2013) Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802 på Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa.
I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap. Les mer …
Portrett av Just Henrik Ely. Foto: Faksimile fra 1914. Just Henrik Ely (fødd i Stavanger 30. november 1759, død i Kristiansand 30. mars 1824) var offiser og eidsvollsmann. Just Henrik Ely gifta seg i Vanse (i nåverande Farsund kommune) med Caroline Nicoline (Nikolaia?) Lund (fødd i Farsund 5. mars 1773, død i Kristiansand 27. april 1844). Ho var dotter til «Farsunds grunnleggjar» kjøpmann og skipsreiar Jochum Brinch Lund og Inger Marichen Lund. Med dette ekteskapet kom Ely inn i eit kjøpmannsdynasti som dominerte på staden i den grad at Farsund på denne tida er blitt kalla «Lundenes by», med sentrum i den formidable patrisarbustaden Husan. Caroline Nicolines bror Gabriel Lund var i likskap med svogeren Ely eidsvollsmann. Les mer …
|