Notabåten Trollet. Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot. Les mer …
Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden innafor Furneset og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda, Fyrde, Kalvassbygda ( Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje, Austefjord skule og Austefjord Museum, i eige bygg ved skulen. Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva. Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon. Les mer …
Kulturhuset i Sykkylven. Foto: Sykkylven kommune
Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.
Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50 % eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. Les mer …
Filosofiprofessor Anfinn Stigen er gravlagt ved Haslum kirkegård i Bærum.
Anfinn Stigen (født 22. oktober 1923, død 18. august 1994) var filosof, født i Ålesund som sønn av tømrer Hans Knutsen (1887–1974) og Johanne Stigen (1883–1964). Han ble gift i 1958 med billedkunstner Lise Lie Christensen.
Stigen var utdannet i Chicago, Oxford, Paris og Oslo, og tok doktorgrad i 1966. Han ble professor i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1974. Stigen er særlig kjent som lærebokforfatter til examen philosophicum (forberedende), spesielt for tobindsverket Tenkningens historie fra 1983. Les mer …
Karla Barstad (født 1. april 1870 i Ålesund, død 1. januar 1950 samme sted) ble, som første kvinne, valgt inn i Ålesund kommunestyre etter valget i 1901.
Hennes foreldre var bankdirektør Colbein Andreas Barstad og kone Elisa Rasmine Barstad. I klokkerboken 1868-1877 fra Ålesund ser vi at hennes fulle navn er Karolina Ludovika Barstad, men i valgstyreprotokollen til Ålesund kommune, arkivet etter Aspøy skole og i folketellingene fra 1900 og 1910 står hun oppført som Karla Barstad. I folketellingen av 1900 bodde hun hos foreldrene sine i Kirkegata. Faren var direktør i Landmannsbanken.
På valglista til De konservatives parti står hun oppført som lærerinne. Hun var en av fem kvinner på denne listen, og den eneste som ble valgt inn av dem. Les mer …
|