Den nye presteboligen fra 1918. Foto: Redknapp11 (2023)
Askøy sogneprestbolig kan vise til de to presteboligene som Askøy har hatt siden midten av 1800-tallet.
Strusshamn kirke fra 1741 var i privat eie fram til 1849. Da ble den overtatt av kommunen, som samtidig kjøpte et lite, rødt hus som presten kunne benytte som bosted. Dette fikk eiendomsbetegnelsen 10/2.
I 1915 skilte så Askøy kommune lag fra Laksevåg og Loddefjord og ble både egen kommune og eget prestegjeld. Det ble da oppført ny prestebolig i 1918, og huset ved havna kunne benyttes til andre formål. I dag benyttes det av den lokale båtforeningen. Les mer …
Holdhus kyrkje i Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune slik kyrkjebygget framstår i dag. Kyrkja har ei bruks- og bygningshistorie tilbake til 1300-talet. (2014)
Holdhus kyrkje ligg i gardklyngja Holdhus i Hålandsdalen, Bjørnafjorden kommune i Midthordland. Kyrkja er nemnd i eit dokument frå 1306, og sidan omtala som soknekyrkje i Bjørgvin kalvskinn omlag 1350. Etter det finst det ingen skriftlege nedteikningar før 1600-talet, gjennom rekneskaper og synfaringar i perioden 1618 - 1722, og frå yngre kjelder. Før 1900 vart kyrkja kalla Haalandsdalen kyrkje. Utetter 1800-talet vart kyrkja for lita for den aukande folkemengda, samstundes som manglande vedikehald og trong for ny kyrkjegard gjorde at kyrkja gjekk or bruk på 1880-talet, då det vart bygd ei ny kyrkje på den meir sentrale staden Eide i Hålandsdalen i 1890. Det vart bestemt at Holdhus kyrkje skulle rivast, men i staden vart ho overteken av Fortidsminneforeningen i 1900. Les mer …
Magda og Christian Bøbak. Foto: Christian Bøbak
Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891 på Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen. Les mer …
|