Thor Hansson Wraa (fødd 2. august 1912 i Kviteseid, død 13. oktober 2007 same stad) var gardbrukar. Han var son av Hans Torsson Wraa (1884-1938) og Tårånn Kristiansdotter Fjone (1884-1973). Thor hadde tre syskjen; Thor Hansson Wraa d.e. (1910-1911), Signe Marie Hansdotter Wraa (1916-1999) og Kristian Johan Hansson Wraa (1918-2003). Thor vart fødd på Gotuholt, i Lundevallgrendi i Kviteseid. Etter at faren døydde, budde han her i lag med mora og sine to syskjen, Signe og Kristian. Mora døydde i 1973, og då tok syskjenflokken over garden. Alle tre var ugifte, og ingen hadde ungar.
På garden hadde dei hest, kyr, sau og høner. Thor var født med ein hoftefeil, og sleit difor med det fysiske arbeidet. Kring 1960 reiste han til Oslo for å operere, men operasjonen vart mislukka. Han verka meir som ein administrator på garden, der det var broren som gjennomførte det tyngste arbeidet.På garden dreiv dei med tømmerhogst og tømmerkøyring i gamal stil, i tillegg til det vanlege jordbruket. På garden var det også eit gamalt bygdemeieri i kjellaren, men dette vart truleg avvikla om lag då faren døydde i 1938. Les mer …
Olav Naadland 1927 Foto: Ukjent.
Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965 i Vinje) var lærar og folkehøgskulestyrar.Olav Naadland tok eksamen artium ved Stavanger høiere offentlige almenskole i 1921, og tok også førebuande prøve i filosofi ved universitetet. Han avla lærarprøva ved Notodden private lærarskule i 1926, og fekk det meste av si yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over etter far sin som styrar ved Telemark folkehøgskule, og var der til skulen vart nedlagd i 1950. Deretter var han lærar i folkeskulen i Vinje til sin død.
Han var også gardbrukar i feriane og på heiltid under okkupasjonstida 1941-1945. Les mer …
Kviteseid historielag held til i Kviteseid kommune i Telemark. Det blei stifta ved eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedteke lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen. Les mer …
Minnebok fra Kviteseid Seminar Kviteseid Seminar var den første offentlige lærerskolen i landet. Seminaret startet undervisningen i 1819 og var i drift fram til 1889. Det hadde sin spede opprinnelse i at det var en rekke tiltak som ble satt i gang for å utdanne lærere i Kviteseid fra 1750 og utover. Alle disse var egentlig kortere kurs og organisert av privatpersoner. Kviteseid Seminar var det første som ble satt i gang i følge vedtak av sentrale styresmakter. På folkemunne ble skolen kalt for Kosa-skulen etter stedet der den først lå. Selv om initiativet og finansieringen var ordnet lokalt, må en likevel regne seminaret for landets første offentlige lærerskole. Les mer …
Fra brann i Kviteseidbyen 1911. Foto: Ukjent
Kviteseidbyen 2008. Foto: Arnfinn Kjelland
Gateparti fra Kviteseidbyen. Foto: Leif-Harald Ruud (2025)
Kviteseidbyen er kommunesenteret i Kviteseid kommune. Senteret har hatt dette navnet siden slutten av 1800-tallet, da bygdesenteret grodde fram etter en større brann i 1911, og det bymessige preget ble forsterket. De nye byggene ble satt opp tett i tett rundt brygga. Det var den store båttrafikken på Telemarkskanalen som førte til at Kviteseidbyen vokste fram som den gjorde. Kviteseid ligger sentralt i Vest-Telemark, og fra anløpet ved Kviteseid brygge gikk mye av trafikken av folk og varer til og fra bygdene rundt Kviteseid. Les mer …
|