Forside:Rauma kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VestnesRaumaMoldeAukraHustadvika
TIDLIGERE KOMMUNE: MidsundNessetSandøy

Om Rauma kommune
1539 Rauma komm.png
Rauma er en kommune i Møre og Romsdal. Den ligger lengst sørøst i Romsdal og grenser til kommunene Lesja og Skjåk i Innlandet. I eget fylke til kommunene Fjord, Vestnes og Molde. Åndalsnes er det største tettstedet og kommunesenter, det ligger sentralt plassert omtrent midt i kommunen. Kommunen har flere større bygdesamfunn. På nordsiden av Romsdalsfjorden ligger Isfjorden, Rødven, Eidsbygda, Åfarnes og Mittet. På sørsiden av Romsdalsfjorden ligger Veblungsnes, Innfjorden, Måndalen og Vågstranda. I Romsdalen ligger Marstein og Verma. Kommunen er kjent for sitt typiske fjord og fjellandskap med dype fjorder og høye fjelltopper. Turistnæringen er viktig for kommunen. Åndalsnes er cruisehavn, noe stedet har vært siden 1883. Cruisepassasjerer, sammen med laksefiske i Raumaelv og tindbestigning i de høye fjellene var det som tidligere trakk turister til stedet. Opp gjennom årene har det vært flere overnattingssteder og kjøring av turister har vært en viktig næring i regionen.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Illustrasjon fra boka Om Blakers kirker, prester og kirkelige forhold, utgitt Oslo, 1931.

Bernt Marius Berg (født 1855, død 8. desember 1925) var prest.

Berg var født i Våler i Solør, og var sønn av sokneprest Nicolai Gerhard Berg og kona Cathrine Wilhelmine Ager. Han fikk mye undervisning hjemme på prestegarden før han gikk to år på Drammen skole og et halvt år på Gjertsens skole i Kristiania, og tok artium i 1874 og embetseksamen i 1879. Fra våren 1880 var han kapellan hos faren sin i Åsnes, og der ble han fram til han ble stiftskapellan i Trondhjems stift i 1886.

Sitt første sokneprestkall fikk han i 1891 i Grytten i Romsdal. Derfra kom han i 1905 til Øvre Stjørdal, før han i 1912 endte opp i Aurskog prestegjeld, der han ble resten av livet. Fra 1918 var han også prost i Nedre Romerike prosti.   Les mer …

Eit av dei herbøra Johan Alnes nytta under reinsjakt. Dette ligg i Grovaskaret i Tafjordfjella.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2013)

Johan Alnes fødd 26. november 1866 på husmannsplassen Alnestrøa i Romsdalen, død 14. november 1933 på Verma, var handelskar, anleggsarbeidar, reins- og bjørnejeger.

I barneåra måtte han som så mange andre ta teneste som gjetargut. I 1880-åra begynte han så med sal av suvenirar ved riksvegen gjennom dalen, der det hadde begynt å vekse fram ein viss turisttrafikk. Etter at sesongen var over dreiv Johan som skreppe- eller kramhandlar over Lesja og nedover Gudbrandsdalen. Han kjøpte òg opp huder og skinn for vidaresal, og begynte etter kvart med jakt sjølv.   Les mer …

Utsyn over Puttbudalen og Pyttbua i 2005.

Pyttbua er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta var opphavleg ei arbeidsbrakke som ÅST kjøpte av Tafjord Kraft i 1925. Brakka vart transportert frå Tafjorden til Åndalsnes og derfrå med tog til Stuguflotten. Frå der overtok Ola K. Brøste transporten innover Brøstdalen og Puttbudalen på vinterføre. Han hadde hestar som var vande til å gå med trugar og trekke tunge lass.

Pyttbua vart så sett opp på 1161 m.o.h. i Hånådalsbotnen mellom høge fjell: Karitinden (1982), Puttegga (1999, høgaste fjellet i Møre og Romsdal), Høgstolen (1955) og Høgbøra (1912). Ho var den første hytta til ÅST. Pyttbua vart ombygd i 1959 og fekk da auka sengetalet frå 12 til 18. I 1970 vart ho påbygd med ein ny fløy med kjellar under og fekk da 32 sengeplassar.   Les mer …

Stuguflottbrue med skade etter sprengninga.
(2009)

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på TungtvannsaksjonenVemork.

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs marsj i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Sprengninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga.   Les mer …

Våningahuset på Ner-Hole, framsida.
Foto: Arnfinn Kjelland

Ner-Hole Museum ligg i grenda Romsdalshorn i Rauma kommune. Det vart etablert ved at Grytten Heimbygdslag kjøpte tunet og noko jord av garden Ner-Hole gardsnr 18 bruksnr 2. Museumseigedomen fekk gardsnr 18 bruksnr 8.

Det som er særprega med museet er våningshuset, som er bygd i to etasjar av stein sett i leire. Det er truleg bygd ein gong mellom 1804 og 1815, ifølgje ein sterk lokal tradisjon av Ole Amundsson frå Flatmark f. 1778, d. 1816 på Kabben i Brøstdalen. Ytterveggane er heile 75 cm tjukke og kalka utvendig. Innvendig er huset delt med to steinveggar slik at det har tre seksjonar. Over murane er det tømra to omfar, og gavlane er òg i tømmer. Taket er eit sperretak med mønsås, men utan sideåsar.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Se også


 
Kategorier for Rauma kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artikler