Forside:Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
MeløyBodøGildeskålBeiarnSaltdalFauskeSørfoldSteigenHamarøy

Om Salten
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Portrett av Maren fra Hadsel kirke.

Maren Hansdatter Blix (født 1627, død 1688) var prestedatter fra Bodø og prestekone i Hadsel1600-tallet.

Maren var datter av Ingeborg Svensdtr og Hans Blix, faren var sokneprest i Bodø prestegjeld.

Hun var gift med Jens Christensen Bloch. Han hadde vært kapellan hos hennes far i Bodø, og ble siden residerende kapellan i Hamarøy prestegjeld og sokneprest i Hadsel prestegjeld.   Les mer …

Eiler Rosenvinge Kaurin (1828-1896)
Foto: Ukjent fotograf
Eiler Rosenvinge Kaurin (født 21. september 1828, døde 27. juli 1896) var teolog og prest i Den norske kirke. Han var sogneprest i Beiarn (1862-1868), Bud (1868-1875), Sør-Aurdal (1875-1883) og Eiker (1883-1896). Han var kjent som en kraftfull og uredd prest, samt som en ivrig friluftsmann og en kunnskapsrik jordbruksadministrator og hagedyrker.   Les mer …

Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande.   Les mer …

Pitesamisk kvinnekofte (t.v.) og mannskofte (t.h.) ved Dållågádden i Beiarn kommune.
Foto: Olve Utne
(2017)
Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.   Les mer …

Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer …

Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.
Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.   Les mer …
 


 
Kategorier for Salten
 
Andre artikler
  1. Leem, Knud: Lexicon Lapponicum bipartitum, Lapponico-Danico-Latinum & Danico-Latino-Lapponicum. Utg. Impensis Seminarii Lapponici Fridericiani. 1768. Digital versjonNettbiblioteket.