Johannes Tvedt (1847-1943). Foto: Norske lensmenn, 1950.
Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1933) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person. Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad. Les mer …
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune. (2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der. Les mer …
Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959.
Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.
Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren. Les mer …
M/S Midthordland var ein populær rutebåt i Sunnhordland i åra etter krigen og fram til 1970-talet, då bilferjene tok over. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
M/S Midthordland gjekk i ordinær trafikk som rutebåt i Bjørnafjorden og til Tysnes frå 1947 til 1962. Båten vart bygd på Stord verft som byggenummer 2, og vart sjøsett i mars 1947. Båten vart kalla opp etter det første skipet til Det Midthordlandske Dampskipselskap. M/S Midthordland var av sjøbusstypen, den første av etterkrigsgenerasjonens fjordabåtar. Båten var ein del av eit unikt samferdslesystem som i meir enn hundre år bandt Vestlandet saman. Les mer …
Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad. Les mer …
Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland. Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. Les mer …
|