Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
Oversiktsbilete Åmdals verk gruver, om lag 1905. Foto: Ukjend.
Åmdals Verk gruver ligg i Tokke kommune og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 1600-talet. I alt skal det ha vore utvunne over 8000 tonn kopar frå gruveanlegget. Verksemda var prega av skiftande eigarskap, vekslande stillstand og aktivitet, oppgang og nedgang. På det meste skal over 400 mann ha vore i arbeid ved kopargruvene, som var i drift frå 1691 til 1945. Samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta var særeigent og fargerikt. Dei fyrste funna av koparhaldig malm ved Åmdal i Tokke kommune (tidlegare Mo) i Telemark blei gjort omkring 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 Oberbergamtet i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk. Året etter blei gruvedrifta starta opp. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta vanskeleg. Les mer …
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer …
Eldre foto fra plassen Ramberg
Ramberg er et bruk i utkanten av Nordbygdi i Seljord. Fra gammelt av er det en plass under Meås. Ramberg ligger under fjellet Skogsodd, helt på grensen mot Åsgrend i Kviteseid kommune. Spelemannen Kjetil Flatin
mente det var spelemannsnatur i området. Han kjøpte Ramberg ca. 1899 og bodde der livet ut. Hans datter Signe Flatin Neset og mannen hennes, Leiv Neset bodde også en tid på Ramberg.
Sønnesønnen - maleren Knut Flatin - bosatte seg på Ramberg på 1970-tallet. Dette grenseområdet mellom Seljord og Kviteseid har hatt et rikt miljø når det gjelder folkekultur og folkemusikk. Det har vært mange sentrale tradisjonsbærere, kulturpersoner og folkemusikkutøvere bosatt i dette området. Les mer …
|