Forside:Rogaland fylke

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Rogaland fylke
11 Rogaland vapen.png
Rogaland er et fylke på Vestlandet. Det grenser mot fylkene Vestland, Agder og Telemark. Administrasjonssenteret er Stavanger.

Fylket ble opprettet i 1919 da Stavanger amt ble omdefinert. Ved regionreformen 2014–2018 var Rogaland et av fylkene som fortsatte som før uten sammenslåing.

Kommuner

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda.
Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit
(2014)

Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.

Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn.   Les mer …

Det rekonstruerte bronsealderhuset i fortidslandsbyen på Forsandmoen. Huset har leirklinte, doble flettverksvegger og stråtak. Leirkliningen er ei blanding av blåleire, sand, finhakka malm og kumøk. Huset er bygd av rundtømmer som er hogd i Forsand og nabokommunane, og utan bruk av spiker.
Foto: Knut Rage (2013)
Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong. Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen.   Les mer …

Elias Tønnesen i Kristiania politikammers forbryteralbum 1904–1906.
Elias Tønnesen (født 24. januar 1888 i Nes i Vest-Agder, død 31. mai 1950 i Sandnes) var på begynnelsen av 1900-tallet en av Norges mest kjente stortyver og skapsprengere. Han ble også kjent for å ha rømt fra flere fengsler. Tønnesen fikk mange brev og gaver fra beundrere mens han satt i fengsel, og det ble skrevet flere viser om ham. Han ble til og med dikta inn i en av historiene om mesterdetektiven Knut Gribb. Han led under psykisk sykdom, og tilbrakte de siste drøyt tredve åra av sitt liv på asyl.   Les mer …

Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda.
Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller «protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av (A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874).   Les mer …

Faksimile frå Stavanger Aftenblad 20. desember 1938: utsnitt av omtale av Rasmus Løland.

Rasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland ved Hylsfjorden, i Sand i nåverande Suldal kommune i Ryfylke.Heilt frå barndomen av var Løland nokså veikhelsa, mellom anna med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, til han flytta til Bergen som trettiåring i 1892. Han reiste til Kristiania tre år seinare, og vart buande der fast frå 1897.

Heime hadde hjelpt broren Lars med gardsdrifta, men tungt kroppsarbeid tåla Rasmus dårleg, så han skøytte heller på inntektene med å lage sopelimar og tiner og slikt noko. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forsørgje seg sjølv. Dette var nok bakgrunnen for at han i lokalmiljøet gjekk under tilnamnet Tussen.Da han flytta til Kristiania i 1895, var Løland alt ein etablert og særs produktiv forfattar. Det skal ha vore forlagsredaktøren Bertrand Jensen som fekk Løland til å slå seg ned i hovudstaden. Dei fyrste forteljingane hans hadde kome på prent i 1888, og i 1891 gav Mons Litleré ut den fyrste boka frå Lølands hand, Folkeliv. I 1892 kom heile tre bøker: Skuld og barnebøkene Ungar og Paa sjølvstyr. Året etter kom Skattegravaren, og i 1894 Kor vart det av jola? (barnebok). Alt i alt gav han ut om lag 30 bøker, i tillegg til ei lang rekkje artiklar og forteljingar i blad.   Les mer …

Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage (2013)

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.   Les mer …

Jon Sørensen og familien.
Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket.   Les mer …

Sogndalstrand mai 2010.
Sogndalstrand er ein tettstad i Sokndal kommune, mellom Rekefjord og Jøssingfjord og like sør for kommunesenteret, Hauge i Dalane. På 1600-talet voks det fram ein strandstad her med næringsverksemd knytta til handel, sjøfart og fiske. I dag framstår Sogndalstrand som ein idyllisk tettstad med verneverdige trehus. Det er ein møteplass for folk i området og eit attraktivt turistmål. I første halvdel av 1800-talet opplevde Sogndalstrand ein sterk vekst. Det rike sildefisket skapte stor aktivitet. Eksporten av klippfisk, laks, hummar og makrell tok seg også opp. Både menn og kvinner arbeidde på ishusa med å klargjera fersk laks og makrell. Hollandske brønnbåtar henta levande hummar for transport til mellom anna England og Hamburg. I 1846 vart Sogndalstrand og Rekefjord skilt ut frå Sokndal landsokn som eigen kommune.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Kategoriar for Rogaland fylke
 
Andre artiklar