Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.
Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:
«E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
«E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)
Namnet vart oftast skrive Tusteren på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrøntÞústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet. Les mer ...
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ (nominativ/akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ (dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommune på Nordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass. Les mer …
Tustnas kommunevåpen vart nytta frå 1988 til 2005.
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren. Les mer …